Nevus, nævus eller naevus?

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Det latinske ordet for fødselsmerke eller føflekk bør skrivast slik på norsk: nevus.

    Illustrasjonsfoto: CGinspiration/iStock
    Illustrasjonsfoto: CGinspiration/iStock

    Ordet kjem frå latin med to parallelle skrivemåtar: naevus og nævus. Sistnemnde er ein såkalla ligatur, altså samanskriving av to teikn til eitt. Uansett skrivemåte: Lyden blei opphavleg uttalt som diftongen ai, om lag som naivus. Men etter kvart gjekk diftonglyden over til å bli ein e-lyd, ei systematisk lydendring som var fullført ca. år 400 (personleg melding, Klara Sjo, Universitetet i Bergen). Skrivemåten nevus kom difor til å bli vanleg. Vi har likevel ein rest i språket vårt frå før denne lydendringa. Ordet keisar kjem jo frå den romerske statsmannen Julius Caesar. Tittelen keisar har halde på diftonglyden, medan personnamnet som tittelen byggjer på, har gjennomgått lydendringa.

    I Medisinsk ordbok (1) og Norsk medisinsk ordbok (2) finn vi alle tre skrivemåtane: nevus, nævus og naevus. Gyldendals store medisinsk ordbok har berre med nævus (3). I ordlista i Tidsskriftet står det nævus (4), men i praksis blir også skrivemåten nevus brukt i tekstar i Tidsskriftet (5).

    Språkrådet

    Språkrådet

    Skrivemåten av dette ordet er ikkje normert av Språkrådet, men det finst nedfelte retningslinjer for korleis importord skal få norsk skrivemåte (6). Eit viktig prinsipp er overføringa av språklydar til skrift. Mykje tyder på at ordet blir uttalt med ein e-lyd blant norsk helsepersonell. Ei overføring av denne uttalen talar for at ordet bør skrivast nevus på norsk, ikkje nævus eller naevus. Om vi søkjer blant tekstar som er klassifiserte som «medisin og helse» i Nasjonalbibliotekets base, ser vi også ei overvekt av skrivemåten nevus (7). Skrivemåten i kodeverka ICD-10 og ICPC-2 er òg nevus (8). Fleirtalsforma blir nevusar (bokmål: nevuser).

    Skrivemåten nevus føyer seg fint inn i ordlagingsmønster som t.d. melanocyttnevus, pigmentnevus og stjernenevus, med tilhøyrande fleirtalsbøyingar melanocyttnevusar, pigmentnevusar og stjernenevusar. I latinske samansetjingar, som til dømes nevus sanguineus, er det naturleg å nytte den latinske fleirtalsbøyinga, nevi sanguinei.

    Skrivemåten ser vi òg i fleire andre tilsvarande ord frå latin, til dømes praesens/præsens og faeces/fæces. Slike ord har gått igjennom same lydendring, noko som har gjeve oss skrivemåtane presens og feces.

    I omsetjinga av terminologien SNOMED CT til norsk har vi lagt oss så tett opp til skrivemåtar i Tidsskriftet som mogleg (9, 10). I den norske versjonen av SNOMED CT har vi valt nevus som den føretrekte skrivemåten og med nævus som søkbart synonym. Det er i takt med norsk medisinsk fagspråk i dag.

    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media