Klimakrisa er ei global helsekrise

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Tenk å sjå heimen din bli vaska vekk av flaum, eller avlinga du er avhengig av, visne fordi regnet ikkje kjem.

    Foto: Amos Gumulira / AFP

    Eg er nok over snittet opptatt av klimaendringar, naturøydelegging og helsekonsekvensane av dette. Så då eg i haust var i Malawi for å samle data til hovudoppgåva (som rett nok skal handle om klimaendringar og helse), nytta eg sjansen til å diskutere temaet med ein landsbyhøvding, ein meteorolog og ein landbruksingeniør eg møtte. Samtalane ga meg innsikt i korleis klimaet har endra seg i landet, og konsekvensane av det. Eg trur ikkje mange nok i Noreg er klar over at helsa til menneske andre stadar i verda allereie er truga av klimaendringar. Eg vart overraska over alvoret i det dei fortalte, og håper erfaringane mine frå Malawi kan opne fleire auge.

    Malawi har ikkje pleidd å bli ramma av syklonar og stormar. Dei har kome austfrå og sneia grensa slik at ein har fått regn og ruskevêr, men aldri gjort store skader. Dei siste fire–fem åra har stormane derimot treft sørlege delar av landet hardt. Berre i starten av 2022 trefte to stormar landet og førte til flaum og store skadar, mellom anna på straumnettet. I sørlege delar av landet må dei i desember framleis skru av straumen delar av døgnet for å redusere belastninga (1). I tillegg rammer hyppige straumbrot både bedrifter og sjukehus. Eit øydelagd straumnett er likevel berre eit problem for dei 15 % av befolkninga som har tilgang til elektrisitet (2). For resten er andre følgjer av øydelegginga langt meir truande.

    Meteorologen fortalde at regnperioden dei siste åra har krympa kraftig. Mengda nedbør er derimot den same

    Flaumen som følgde stormane, førte til at elver gjekk over breiddene og vaska vekk maisåkrar, brønnar og heimar. På landsbygda er dei fleste avhengige av landbruk for å overleve, og har ingen bufferkonto om avlinga sviktar. Mange fekk hus og eigendelar øydelagde og måtte flykte til leirar, mens dei fortvilt leita etter moglegheit til å bygge opp det tapte. Bustadforsikring har ein ikkje råd til om ein lever på under 20 kroner om dagen, noko nesten tre fjerdedelar av befolkninga gjer (3). Landsbyhøvdingen fortalde at regnet gjorde vegar uframkommelege, slik at einaste måten for gravide, fødande og sjuke å kome seg til helsesenter eller sjukehus på var til fots. Øydelagde brønnar førte til at folk måtte bruke vatn frå elvar og bekkar til drikke og hushald. Dette er truleg årsaka til at Malawi no opplever eit kolerautbrot som har tatt mange liv og etter kvart spreidd seg til heile landet (4).

    I tillegg til dei akutte hendingane, som oppstår stadig oftare, har det skjedd ei gradvis endring som på sikt kan ha vel så store konsekvensar. Meteorologen fortalde at regnperioden som vanlegvis varer frå slutten av oktober til starten av april, dei siste åra har krympa kraftig, og no kan vere så kort som frå desember til mars. Mengda nedbør er derimot den same. Tørke før regnet kjem, og flaum når det endeleg regnar, gir avlingssvikt og matusikkerheit. Aukande temperaturar bidreg òg til matusikkerheita, med svolt og feilernæring som følger.

    Både meteorologen og landbruksingeniøren påpeika at regjeringa ikkje greier å førebu landet på endringane, og heller ikkje bygge opp det som blir øydelagt. Meteorologen fortalde at han slit med å få gjennomslag når han i arbeidet sitt gjer råd om bygging og planlegging for eit endra klima. Malawi er eit av verdas minst utvikla land, og svært avhengig av bistand. Med eit statsbudsjett på 1 % av Noreg sitt, og ei befolkning nesten fire gongar så stor, er det ikkje rart det ikkje finst pengar til førebygging når ein stadig må takle akutte hendingar (5).

    Det er umogleg å føreseie konsekvensane av klimaendringar for helsa til kommande generasjonar. Menneske i utviklingsland er ekstra sårbare på grunn av liten økonomisk og sosial kapasitet til omstilling. Befolkninga i Malawi har ikkje tatt del i den utviklinga som gjer at atmosfæren er full av klimagassar. Klimaendringar bryr seg verken om grenser eller kven som har sleppt ut mest. Derfor er det, som redaktørar for afrikanske tidsskrift påpeika i eit opprop før COP27, nødvendig at vestlege land hjelper utviklingsland med å reparere og førebygge skadar frå klimaendringar (6). Klimakrisa er ei helsekrise, og kan reversere framgangen den globale folkehelsa har hatt dei siste tiåra. For å betre og beskytte helsa til menneske i heile verda hastar det å handle!

    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media