Covid-19-vaksinasjon blant innvandrarar frå Europa og i fødelanda deira

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Abstract
    BAKGRUNN

    BAKGRUNN

    Vaksinasjonsdekninga mot covid-19 varierer mellom innvandrargrupper i Noreg og mellom ulike land. Truleg formar oppvekst og vedvarande kontakt med fødelandet haldning til og ynske om vaksinasjon. Derfor samanlikna vi vaksinasjonsdekninga blant innvandrarar i Noreg fødde i Europa med vaksinasjonsdekninga i fødelanda.

    MATERIALE OG METODE

    MATERIALE OG METODE

    Vaksinasjonsdekninga, prosentdelen av den vaksne befolkninga som hadde mottatt minst éin vaksinedose, for 22 europeiske land med universell vaksinetilgang innan 31.8.2021 vart 30.9.2021 henta frå European Centre for Disease Prevention and Control og frå Beredskapsregisteret for covid-19 for tilhøyrande innvandrargrupper i Noreg. Spreiingsdiagram med minste kvadraters regresjonslinje viste samanhengen mellom vaksinasjonsdekninga i fødelandet og dekninga i tilhøyrande innvandrargruppe i Noreg totalt og splitta etter butid i Noreg (< 6 år og ≥ 6 år).

    RESULTAT

    RESULTAT

    Modellen anslo ein auke i vaksinasjonsdekning i innvandrargruppene i Noreg med 0,64 prosentpoeng for kvart prosentpoengs auke i vaksinasjonsdekninga i dei europeiske fødelanda, og forklarte 63 % av variasjonen i vaksinasjonsdekninga i innvandrargruppene. Det var ingen statistisk signifikant skilnad i samvariasjon med fødelandet for innvandrarar med kort samanlikna med lang butid.

    TOLKING

    TOLKING

    Det er samanheng mellom covid-19-vaksinasjonsdekninga blant innvandrarar i Noreg fødde i Europa og dekninga i fødelanda deira. Haldning til og ynske om vaksinasjon varierer mellom land og kan forklare noko av den observerte skilnaden mellom innvandrargrupper i Noreg.

    Main findings

    Hovudfunn

    I september 2021 varierte vaksinasjonsdekninga i europeiske land frå 24,3 % til 98,1 % og frå 44,0 % til 89,2 % blant europeiskfødde innvandrargrupper i Noreg.

    Det var samvariasjon mellom vaksinasjonsdekninga i innvandrargrupper frå Europa og vaksinasjonsdekninga i fødelanda deira.

    Innvandrarar med lengre butid i Noreg hadde høgare vaksinasjonsdekning enn dei med kortare butid, men det var ingen signifikant forskjell i samvariasjon med fødelandet mellom dei med kort og lang butid.

    Artikkel
    Innledning

    Vaksinasjon er grunnleggande for å stagge covid-19-pandemien og forhindre sjukehusinnleggingar og død. Noreg sikra tilgang til vaksinar gjennom samarbeidsavtaler med EU og EØS og starta opp vaksinering ved årsskiftet 2020/2021. Tilgangen til vaksinar var i starten avgrensa og prioritert til eldre, medisinske risikogrupper og helsepersonell, og sidan kommunar og bydelar som hadde hatt vedvarande høg smitte. Frå juli og august 2021 vart vaksinane tilbodne og tilrådde alle over 18 år, inkludert gravide. I Noreg er covid-19-vaksinasjon frivillig og gratis gjennom koronavaksinasjonsprogrammet (1). Kommunane har ansvaret for vaksineringa.

    Tidleg i pandemien fann ein ulik haldning til covid-19-vaksine mellom innvandrarar frå ulike land, der personar fødde i Aust-Europa, Afrika og vestlege delar av Asia i større grad vegra seg eller var usikre til vaksinasjon enn norskfødde (2). Vaksinevegringa minska i alle innvandrargruppene etter at covid-19-vaksine vart tilgjengeleg (2), men oppdaterte tal frå Folkehelseinstituttet viser at det er skilnadar i vaksinasjonsdekninga i befolkninga, mellom anna etter fødeland, alder, kjønn og bustadkommune (3). Ein norsk, ikkje-fagfellevurdert studie fann variasjon i vaksinasjonsdekning etter fødeland også blant helsepersonell (4). Vi undersøkte nyleg vaksinasjonsdekninga blant innvandrarar i Noreg og fann at ho var spesielt låg blant innvandrarar frå Aust-Europa (5). Vidare fann vi at inntekt og utdanning i liten grad forklarar variasjon i vaksinasjonsdekning mellom ulike innvandrargrupper (5). I denne artikkelen ynsker vi å undersøke om forskjellar i vaksinasjonsdekning mellom innvandrargrupper heng saman med vaksinasjonsdekning i fødelanda deira.

    Vaksinesamarbeidet i EU og EØS omfattar 30 land, og målet var 70 % vaksinasjonsdekning i den vaksne befolkninga i medlemslanda innan sommaren 2021 (6). Dei same vaksinane (Comirnaty, Spikevax, Vaxzevria og COVID-19 Vaccine Janssen) vart tilbodne i dei ulike landa, men til noko ulik tid, og to land har inkludert Sputnik V i vaksinasjonsprogrammet (7, tabell 18, s. 24). Landa har ført eigne vaksinestrategiar tilpassa vaksinetilgang, informasjon om effekt og risiko ved ulike vaksinar, endringar i smittetrykk og nye virusvariantar (1, s. 8). Alle landa har prioritert eldre, medisinske risikogrupper og helsepersonell (7). Frå juni 2021 har det vore god tilgang på vaksinar (7, s. 5), og frå september tilbaud storparten av dei europeiske landa vaksine til alle over tolv år (7, s. 12) og tilrådde vaksinering av gravide (7, s. 12). 8 av 26 rapporterande land hadde per september 2021 innført eller vurdert obligatorisk vaksinering av personell i helse-, omsorg- og sosialsektoren (7, s. 17), og vaksinesertifikat var i bruk i alle land for tilgang til medisinsk behandling og reising mellom dei fleste land (7, s. 18). Krav om vaksinesertifikat for tilgang til stadar og hendingar som restaurantar, museum og konsertar har variert. I august 2021 var dette pålagt i 16 europeiske land (8).

    Trass lik tilgang på vaksinar har vaksinasjonsdekninga vore ulik i dei europeiske landa. I juli 2021 rapporterte 15 av 22 land vanskar med å auke vaksineoppslutninga i befolkninga (7, s. 18). Spørjeundersøkingar i 2020, før vaksineoppstart, viste at andelen som hadde til hensikt å vaksinere seg, minka i fleire land over tid (9). Uttrykt hensikt om å avvise vaksinering var konsekvent hyppigare blant yngre, kvinner, etniske minoritetsgrupper og lågare sosioøkonomiske lag (9). Innbyggjarane i fleire europeiske land, som til dømes Italia, Polen og Frankrike, hadde ein aksept for covid-19-vaksine som var blant dei lågaste i verda i desember 2020 (10).

    Gitt god vaksinetilgang vil haldninga til vaksinar formast av utdanning, helsekunnskap og tidlegare erfaringar med vaksinar, og kan påverkast av familie, kollegaer, informasjon i media og generell tillit til samfunnet og helsetenesta (11). Bekymringar for vaksinar varierer mellom land og mellom vaksinar (2). Det er sannsynleg at haldninga til covid-19-vaksinasjon blant ulike innvandrargrupper i Noreg er forma av oppvekst i fødelandet og eventuell vedvarande kontakt med andre fødde i eller framleis buande i fødelandet. Vi undersøkte derfor om det var ein samanheng mellom vaksinasjonsdekninga i ulike europeiske land og dei tilhøyrande innvandrargruppene i Noreg. Vi undersøkte også om samanhengen var ulik for innvandrarar med kort og lang butid i Noreg, som eit enkelt mål for mogleg auka påverknad frå det norske samfunnet og mindre påverknad av fødelandet.

    Materiale og metode

    Materiale og metode

    Datakjelder og variablar

    Datakjelder og variablar

    Vi definerte vaksinert som å ha mottatt minst éin vaksinedose og vaksinasjonsdekning som kumulativ andel vaksinerte til og med 30.9.2021, der teljar er antal førstedosar administrert til personar på 18 år og eldre, og nemnar er befolkninga i denne aldersgruppa.

    Norske data er henta frå Beredskapsregisteret for covid-19 (Beredt C19) (12). Registeret inneheld individuell, ikkje-identifiserbar informasjon frå fleire kjelder. Vi nytta data frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK (vaksinasjonsstatus), Folkeregisteret (kjønn, alder, folketal og butid) og Statistisk sentralbyrå (fødeland og inntekt).

    Vi dikotomiserte butid i kort (< 6 år) og lang (≥ 6 år). Vi har ikkje funne ein standarddefinisjon for kort og lang butid. I vår studie er butid nytta som eit enkelt mål for integrering. Vi sette ei grense ved seks år ut frå ei forventning om at eit eventuelt opplæringsprogram då vil vera fullført og anna utdanning eller jobb påbegynt. Det manglar informasjon om butid for om lag 4 100 av 276 506 personar (1,5 %). Desse vart ekskluderte frå analysene med omsyn til butid. Det dreier seg om eldre personar, og truleg var det manglande registrering ved innflytting.

    Vi definerte innvandrar som å vera fødd utanlands, og landet der mor var busett ved fødsel, er registrert som fødeland.

    Vaksinasjonsdekninga i andre land er henta frå European Centre for Disease Prevention and Control (ECDC) COVID-19 Vaccine Tracker (13).

    Informasjon om vaksinetilgang er frå Oxford COVID-19 Government Response Tracker (14), henta frå Our World in Data (15, 16). Vaksinetilgang er kategorisert som 1) ingen tilgang, 2) tilgang for ein av tre prioriterte grupper: nøkkelpersonell, klinisk sårbare og eldre, 3) tilgang for to av tre prioriterte grupper, 4) tilgang for alle prioriterte grupper, 5) 4 og andre breie (alders)grupper, og 6) universell tilgang. Tabell 1 syner kva månad ulike land starta å tilby vaksinar til alle i den vaksne befolkninga i 2021.

    Alderssamansetnad for dei europeiske landa er henta frå FN (17).

    Tabell 1

    Tidslinje for universell tilgang til vaksinar i dei inkluderte europeiske landa og Noreg i 2021 (16).

    Februar–april

    Mai

    Juni

    Juli

    August

    Bulgaria

    Latvia

    Tyskland

    Litauen

    Noreg

    Romania

    Polen

    Belgia

    Nederland

    Tyrkia

    Ungarn

    Island

    Italia

    Danmark

    Portugal

    Slovakia

    Frankrike

    Finland

    Austerrike

    Kroatia

     

    Estland

    Tsjekkia

    Sverige

     

     

     

     

    Spania

     

    Studiepopulasjon

    Studiepopulasjon

    Vi tok utgangspunkt i alle innvandrargrupper med over 1 000 fast busette på 18 år og eldre i Noreg, med fødeland i Europa (35 land), og inkluderte dei fødelanda der vaksinetilgangen var universell innan utgangen av august 2021 (27 land), og der European Centre for Disease Prevention and Control hadde oppdatert informasjon om vaksinasjonsdekninga for befolkninga på 18 år og eldre (22 land) (figur 1).

    Analyse

    Analyse

    Vi skildrar dei 22 innvandrargruppene med folketal, kjønnsfordeling, snittalder med standardavvik, butid i Noreg og medianinntekt jamført med den norskfødde befolkninga, samt andelane som er 65 år og eldre i innvandrargruppene og i fødelanda.

    Vi har rekna ut vaksinasjonsdekninga blant innvandrarar i Noreg etter fødeland og butid i Noreg. Vi har henta ut vaksinasjonsdekninga for deira respektive fødeland, og rekna ut differansen mellom denne og dekninga i innvandrargruppene.

    Samanhengen mellom vaksinasjonsdekninga i fødelandet og i tilhøyrande innvandrargruppe er undersøkt for heile innvandrargruppa og inndelt etter butid i Noreg. Dette er grafisk framstilt i spreiingsdiagram med tilpassing av minste kvadraters regresjonsline. Vaksinasjonsdekninga i fødelanda er her forklaringsvariabel (x) for utfallet (y), vaksinasjonsdekninga i innvandrargruppene. Stigningstalet svarar til antal prosentpoeng auke i vaksinasjonsdekninga i innvandrargruppa i Noreg, per prosentpoeng auke i vaksinasjonsdekninga i fødelandet. Eit stigningstal nær 0 tyder på liten til ingen samanheng, medan stigningstal nær 1 tyder på sterk samanheng mellom vaksinasjonsdekninga i fødelandet og innvandrargruppa. Stigningstala er presenterte med 95 %-konfidensintervall (KI).

    Vurdering av etikk og personvern

    Vurdering av etikk og personvern

    Registeret Beredt C19 vart oppretta med heimel i Helseberedskapslova § 2–4, og Folkehelseinstituttet har gjennomført personvernkonsekvensvurdering av registeret. Denne studien fell under prosjektet «Sosiale ulikheter, migrasjon og covid-19», som er godkjent av regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (9.3.2021, nr. 198964).

    Resultat

    Resultat

    Totalt 276 506 personar i Noreg vart fødde i dei 22 inkluderte landa (tabell 2). Sju innvandrargrupper hadde nær lik kjønnsfordeling (andel kvinner 49–51 %), resten hadde overvekt av menn, med unntak av Finland. Snittalderen blant innvandrarane var 43 år, og varierte frå 39 år (Litauen) til 56 år (Danmark). Det var ein lågare andel på 65 år og eldre samanlikna med i fødelanda for alle innvandrargruppene unntatt dei fødde i Austerrike og Danmark (figur 2).

    Tabell 2

    Sosioøkonomiske og demografiske kjenneteikn for den norskfødde befolkninga i Noreg og innvandrarar fødde i 22 forskjellige europeiske land, per 11.11.2021. SD = standardavvik, i.a. = ikkje aktuelt.

    Fødeland

    Antall
    > 18 år

    Andel kvinner, %

    Andel butid
    < 6 år, %

    Snittalder, år (SD)

    Medianinntekt, kr

    Norskfødde

    3 575 107

    50

    i.a.

    50 (19)

    401 387

    Totalt utanlandsfødde

    276 506

    46

    17

    43 (14)

    344 282

    Austerrike

    1 181

    49

    16

    51 (19)

    397 015

    Belgia

    1 110

    47

    22

    46 (16)

    372 544

    Bulgaria

    6 153

    45

    19

    42 (12)

    264 725

    Danmark

    16 807

    47

    9

    56 (18)

    399 165

    Estland

    3 778

    49

    12

    41 (11)

    308 206

    Finland

    5 869

    63

    12

    53 (16)

    383 889

    Frankrike

    4 919

    44

    29

    42 (15)

    389 357

    Island

    5 753

    49

    7

    46 (15)

    374 510

    Italia

    3 847

    36

    29

    43 (15)

    336 058

    Kroatia

    4 617

    45

    24

    45 (14)

    328 541

    Latvia

    9 139

    43

    18

    40 (11)

    288 064

    Litauen

    34 447

    42

    16

    39 (10)

    298 172

    Nederland

    6 984

    44

    11

    49 (17)

    376 922

    Polen

    88 040

    36

    13

    42 (11)

    301 084

    Portugal

    2 942

    40

    23

    42 (12)

    337 323

    Romania

    13 015

    45

    20

    40 (10)

    302 621

    Slovakia

    3 155

    41

    15

    41 (11)

    329 915

    Spania

    5 084

    45

    31

    41 (14)

    328 373

    Sverige

    32 278

    49

    8

    47 (15)

    406 026

    Tsjekkia

    1 863

    51

    17

    46 (16)

    343 067

    Tyskland

    22 175

    49

    11

    48 (16)

    377 190

    Ungarn

    3 350

    50

    18

    47 (17)

    331 435

    I Noreg varierte vaksinasjonsdekninga blant innvandrargruppene frå 44,0 % (Latvia) til 89,2 % (Danmark) (tabell 3). Tilsvarande varierte vaksinasjonsdekninga i fødelanda deira frå 24,3 % (Bulgaria) til 98,1 % (Portugal). Det var stor variasjon i forskjell mellom vaksinasjonsdekninga i fødelandet og i Noreg, frå over 20 prosentpoeng fleire vaksinerte i Litauen, Frankrike og Portugal til 20 prosentpoeng færre vaksinerte i Bulgaria enn blant innvandrarar frå desse fødelanda i Noreg. For 15 av dei 22 inkluderte landa var det høgare vaksinasjonsdekning i fødelandet enn i den respektive innvandrargruppa i Noreg. Innvandrarar med lang butid i Noreg hadde høgare vaksinasjonsdekning enn dei med kort butid.

    Tabell 3

    Vaksinasjonsdekning (%) mot covid-19 blant innvandrarar i Noreg fødde i 22 europeiske land og i deira respektive fødeland per 30.9.2021.

     

    I Noreg

    I fødelandet

    Differanse fødeland − Noreg (totalt)

    Land

    Kort butid
    (< 6 år)

    Lang butid
    (≥ 6 år)

    Totalt

    Totalt

    (prosentpoeng)

    Litauen

    38,0

    49,2

    47,4

    73,4

    26,0

    Frankrike

    44,7

    81,1

    70,8

    95,5

    24,7

    Portugal

    69,2

    79,7

    77,3

    98,1

    20,8

    Spania

    56,9

    80,1

    73,0

    90,5

    17,5

    Polen

    35,6

    47,2

    45,8

    61,8

    16,1

    Estland

    38,3

    53,1

    51,4

    67,0

    15,6

    Italia

    57,9

    78,5

    72,7

    85,6

    12,9

    Latvia

    30,9

    46,9

    44,0

    55,7

    11,7

    Belgia

    58,6

    84,7

    79,4

    86,8

    7,4

    Island

    76,3

    86,4

    85,8

    92,0

    6,2

    Danmark

    79,0

    89,7

    89,2

    95,3

    6,1

    Tsjekkia

    49,2

    67,2

    65,0

    67,2

    2,3

    Tyskland

    60,7

    81,5

    79,6

    81,6

    2,0

    Finland

    66,1

    87,6

    85,0

    86,5

    1,5

    Nederland

    71,4

    87,0

    85,5

    86,7

    1,3

    Ungarn

    58,1

    70,5

    69,7

    68,8

    −0,9

    Slovakia

    49,1

    55,2

    54,4

    53,4

    −1,0

    Sverige

    80,9

    88,8

    88,4

    84,7

    −3,6

    Austerrike

    62,8

    86,7

    83,2

    75,2

    −8,0

    Romania

    32,2

    48,4

    45,2

    35,3

    −9,9

    Kroatia

    51,3

    69,8

    65,5

    54,3

    −11,2

    Bulgaria

    31,3

    47,9

    44,8

    24,3

    −20,5

    Samvariasjon for vaksinasjonsdekninga i dei europeiske fødelanda og tilhøyrande innvandrargruppe er vist i figur 3 for heile innvandrargruppene, medan figur 4 viser samvariasjonen for vaksinasjonsdekninga mellom fødelanda og innvandrargruppene splitta i kort og lang butid.

    Samvariasjonen mellom vaksinasjonsdekninga i fødelanda og innvandrargruppene i Noreg kan beskrivast som at dekninga i innvandrargruppene auka med 0,64 (95 %-KI 0,41 til 0,87) prosentpoeng for kvart prosentpoengs auke i dekning i fødelandet. Modellen forklarte 63 % av variasjonen i vaksinasjonsdekninga i innvandrargruppene. Tilsvarande var stigningstalet for dei med kort butid 0,59 (95 %-KI 0,34 til 0,84) med 55 % forklart varians og 0,66 (95 %-KI 0,44 til 0,89) med 66 % forklart varians for dei med lang butid.

    Diskusjon

    Diskusjon

    Vaksinasjonsdekninga varierte mellom innvandrargruppene i Noreg, mellom dei europeiske landa og mellom innvandrargruppe og fødeland. Innvandrarar med lang butid i Noreg hadde høgare vaksinasjonsdekning enn dei med kort butid. Det var ein klar samvariasjon mellom vaksinasjonsdekninga i innvandrargruppene i Noreg og dei tilhøyrande europeiske fødelanda.

    Gitt god opplevd vaksinetilgang formast haldning til og ynske om vaksinasjon av individuell kompetanse og erfaring, familie og nærmiljø og tillit til informasjon, helsevesen og samfunn (11). Haldninga kan variere mellom land og vaksinar (18). Vaksineoppslutninga har vore rapportert som utilfredsstillande blant yngre personar, etniske minoritetar og andre sosioøkonomisk sårbare grupper i fleire europeiske land (7, s. 18–19). Tilsvarande grupper var usikre eller vegrande til covid-19-vaksinasjon før oppstart i Noreg (2) og globalt (9, 10, 19). Også blant innvandrargrupper i Noreg aukar vaksinasjonsdekninga med alder og inntekt, samtidig som det er vist at storparten av forskjellane i covid-19-vaksinasjonsdekning mellom ulike innvandrargrupper og norskfødde ikkje kan forklarast av sosioøkonomisk og demografisk samansetnad (5). Den tydelege samanhengen mellom covid-19-vaksinasjonsdekninga i europeiske land og tilhøyrande innvandrargrupper peiker mot at det er systematiske forskjellar i haldning til og ynske om vaksinasjon blant innvandrargruppene. Dette kan forklare noko av ulikskapen i vaksinasjonsdekning mellom innvandrarar og norskfødde utover det som er funne forklart av sosioøkonomiske og demografiske forhold.

    Innvandrargruppene har ein yngre alderssamansetnad jamført med fødelandet, og lågare vaksinasjonsdekning blant innvandrarane enn i fødelandet kan derfor vera venta, som vist for 15 av 22 innvandrargrupper i denne studien. Innvandrarar med lengre butid har høgare vaksinasjonsdekning enn dei med kortare butid, og igjen er det grunn til å anta at alderssamansetnaden speler ei rolle. Samvariasjonen med fødelandet var ikkje signifikant ulik med ulik butid, noko som kan tyde på at systematiske forskjellar i haldning til og ynske om vaksinasjon prega av oppvekst i fødelandet eller kontinuerleg kontakt med fødelandet varar ved blant innvandrargruppene over noko tid.

    Oppnådd covid-19-vaksinasjonsdekning i dei ulike landa blir påverka av ulike strategiar for vaksinering, insentiv og restriksjonar. Det har til dømes vore utstrekt bruk av vaksinasjonspass (koronasertifikat) i Austerrike (7, s. 18), Belgia (7, s. 18), Estland (7, s. 18), Frankrike (20), Italia (7, s. 18), Litauen (7, s. 18), Portugal (21) og Romania (7, s. 18). Med unntak av Austerrike og Romania hadde desse landa i september høgare vaksinasjonsdekning enn tilhøyrande innvandrargrupper i Noreg. Som eit døme er vaksinasjonsdekninga blant franskfødde i Noreg nærare estimatet for dei med uttrykt hensikt om å ta vaksine i Frankrike før oppstart av vaksinering (9) enn vaksinasjonsdekninga i Frankrike i september. Det kan tyde på at ein aktiv bruk av koronasertifikat trumfar ein opphavleg, nasjonal tendens til covid-19-vaksineaksept og kan forklare delar av skilnadane mellom innvandrargrupper og fødelanda. Lågare vaksinasjonsdekning i innvandrargrupper enn fødeland kan også skuldast manglande registrering av vaksinar sette i heimlandet. Dette kan vera spesielt aktuelt for dei ni fødelanda der vaksinetilgangen var universell før juni. Til sist kan generelle barrierar forklare delar av den lågare vaksinasjonsdekninga blant innvandrar, som mangel på tilpassa og forståeleg informasjon om vaksinar og manglande kjennskap til tilbod samt vanskar med å komme seg til vaksinasjonsstaden (22, 23).

    Målretta tiltak for å auke covid-19-vaksinasjonsdekninga i ulike grupper krev innsikt i spesifikke barrierar (22), men kunnskapen om årsaker til låg dekning blant fødelandsgrupper i Noreg (2) og ulike land i Europa (7, s. 19) er mangelfull. I tråd med kjende påverknader (11, 18) kan nokre moment trekkast fram, som at enkelte land har kjent historisk låg tillit til tryggleik og effekt av vaksinar (24) og langvarig mistillit til nasjonale institusjonar (25). Nye erfaringar som kan påverke viljen til å ta covid-19-vaksine, er variasjon mellom land i vaksineråd, til dømes til gravide (7, s. 12) og om kombinasjon av ulike vaksinar (7, s. 16). Kva type vaksine som er tilboden, har betydning (18), og fleire land har meldt om sterkare skepsis mot einskilde covid-19-vaksinar (7, s. 19, 26). Feilinformasjon om vaksinar (7, s. 19, 21) og negativt helsepersonell har vore ei utfordring i somme land (24).

    Denne studien har som styrke at vaksinetilgangen var god i alle inkluderte land frå seinast august 2021 (tabell 1), og vi kan derfor anta at haldning og vilje i større grad enn tilgang forklarar forskjellar i vaksinasjonsdekning. Studien avgrensa seg til samanhengen mellom vaksinasjonsdekninga i fødeland og innvandrargrupper frå 22 europeiske land, då vaksinetilbod, datarapportering eller vaksinasjonsprogram i andre land vart vurdert som mangelfullt eller for ulikt til å vera samanliknbart. Det er ei styrke at informasjonen om vaksinasjonsdekninga er henta frå anerkjente register. Vaksinasjonsdekninga i ulike aldersgrupper var tilgjengeleg, men vart vurdert å vera utanfor målet til denne studien. Slike data vil kunne gje meir detaljert informasjon om samvariasjon, og dette er aktuelt for ein oppfølgande studie. European Centre for Disease Prevention and Control har ikkje data for vaksinasjonsdekninga etter kjønn og sosioøkonomiske mål, og det er derfor ikkje mogleg å utforske samvariasjon med omsyn til desse variablane. Det er ei avgrensing ved norske vaksinasjonsdata at vaksinar sette i utlandet må etterregistrerast individuelt i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK mot ein kostnad. Vi antek derfor ei viss underrapportering av vaksinar sette i utlandet, noko som medfører noko konservative estimat for vaksinasjonsdekninga i innvandrargruppene. Fylkeshelseundersøkingar i ulike innvandrargrupper tyder på at omfanget av manglande registrering er lågt (førebels upubliserte data). Dersom personar har besøkt fødelandet og gjennomgått covid-19-sjukdom der, kan det vera at dei vurderer det som tilstrekkeleg immunitet vidare, utan at dette er registrert i norske data.

    Vi vurderer ikkje avgrensingane til studien som omfattande, slik at funnet om høg samvariasjon mellom vaksinasjonsdekning i fødeland og innvandrargruppe står fast. Som ei vidare utforsking av om vaksinehaldning formast av oppvekst og kontakt med fødelandet og påverkar vaksinasjonsdekninga i ei innvandrargruppe, ville det vera interessant å undersøke om skilnadane i innvandrargruppene i Noreg frå fødeland med sterke insentiv til vaksinering kan finnast att i andre land der insentiva har vore rimeleg like dei norske. Vidare vil det vera interessant å undersøke korleis grad av integrering, utover butid, kan endre innvandrarar sine haldningar til vaksinasjon over tid.

    Konklusjon

    Konklusjon

    Samvariasjon mellom vaksinasjonsdekninga blant innvandrarar frå Europa i Noreg og dekninga i fødelanda gjer det rimeleg å anta at haldningar til vaksinar delvis er forma gjennom oppvekst i og vedvarande kontakt med fødelandet. Kommunar og myndigheiter bør derfor vera merksame på vaksinasjonsdekninga i fødelanda når dei vurderer vaksinasjonsdekninga i ulike innvandrargrupper. Vidare er barrierane for vaksinering land-, gruppe- og vaksinespesifikke, slik at kvalitativ kartlegging av dette og samarbeid med dei ulike innvandrargruppene framstår naudsynt for å finne gode målretta tiltak og for å nå god vaksinasjonsdekning i dei ulike gruppene. Tiltak for å sikre at vaksinar sette i utlandet blir registrerte i Noreg, bør vurderast.

    Artikkelen er fagfellevurdert.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media