Brukseigenskapar
Bleuler hadde i 1908 òg bruksbaserte argument for at schizofreni skulle erstatta dementia praecox. Medan greskbaserte termar som schizofreni, hebefreni og katatoni eignar seg godt som utgangspunkt for danning av nye ord, er termen dementia praecox eit latinsk fleirleddsuttrykk som er vanskeleg å bruke i germanske språk (13). Han består av eit substantiv etterfølgt av eit adjektiv («demens prematur»), og han eignar seg dårleg til orddanning.
Innføringa av erstatningstermen schizofreni gav fagfeltet høve til å danne ei rekkje relaterte fagord, som schizofren, schizofreniform, schizofrenispektrumtilstand, preschizofren(i), ikk(j)e-schizofren med fleire. Denne brukseigenskapen var etterlengta i fagfeltet. Psykiateren Hans Evensen (1868 – 1953) klagar til dømes over at dementia praecox er «ildeklingende» og «i sproglig henseende tungt haandterligt, når det skal bruges som tillægsord» (dvs. som adjektiv) (14). Presidenten for den amerikanske medisinsk-psykologiske foreininga trekte i 1919 fram som eit argument for termen schizofreni at ein kan danne adjektiv frå schizofreni, men ikkje frå dementia praecox (15). Bleuler sjølv var av den oppfattinga at ein utførleg differensialdiagnostikk for sjukdomsgruppa utan eit slikt avleidd adjektiv ville vere «schlimm zu schreiben und noch schlimmer zu lesen» (16).
Sjølv om eit avleidd adjektiv stod høgt på ønskelista til fagfeltet i byrjinga av 1900-talet, har sjukdomsrelaterte adjektiv ei skuggeside som ein i moderne psykiatri generelt er svært medveten om. Eit adjektiv kan rett nok gje høve til språkleg økonomi i drøftingar av differensialdiagnostikk og aspekt ved sjukdommen, som til dømes i uttrykk som schizofrene lidingar og schizofrene og affektive symptom. Men det kan samstundes medføre stigmatisering og sjølvstigmatisering, då adjektivet òg vert nytta for å karakterisere menneske. Adjektivet kan til og med åleine referere til menneske med ein schizofrenidiagnose, som til dømes «dei schizofrene» (17). Substantivet schizofreni kan på si side ikkje åleine referere til personen, men må ha eit personrefererande tillegg, til dømes substantivet pasient i uttrykket schizofrenipasient.
Men dersom eit nytt sjukdomsnamn vert knytt til eit nytt sjukdomsomgrep som framstiller syndromet som per i dag vert kalla schizofreni, på ein meir prognoseoptimistisk og mindre stigmatiserande måte, vil kanskje eit eventuelt nytt avleidd adjektiv vere mindre problematisk? Jamfør til dømes adjektivet deprimert, som er knytt til ein diagnose med relativt god prognose. Er deprimert like problematisk å nytte om menneske som tilfellet er med adjektivet schizofren?
Generelt er orddanningar bruksmessig sett uvurderlege når ein skal skrive vitskapelege og tekniske tekstar, der krava til både presisjon og språkleg økonomi er høge. Tekstinnhaldet må pakkast tett, mellom anna på grunn av strenge maksgrenser på tekstlengd ved publisering. Ein språkbrukar står temmeleg fritt til å lage nye orddanningar ved behov, og mogelegheitene for kombinasjonar med andre ord er nær sagt uendelege, jamfør til dømes schizofreni-mottagelighetsgener (18) og den skizofrene transitivisme (19). I tillegg gjev orddanningar høve til språkleg variasjon ved at ein kan velje mellom fleire alternative måtar å uttrykkje seg på, til dømes schizofrene symptom, schizofrenisymptom, symptom på schizofreni, eventuelt symptom som er assosierte med schizofreni.
Den norske utgåva av «Blåboka» til ICD-10, som inneheld diagnostiske retningslinjer for psykiske lidingar, er eit døme på ein fagtekst som gjer bruk av ulike orddanningar frå schizofrenitermen. Her finn vi uttrykk som mellom anna schizoaffektiv, post-schizofren depresjon, schizofrene symptomer, schizofrene og affektive symptomer, schizofrene lidelser, schizotyp lidelse, latent schizofren reaksjon, akutt schizofrenilignende psykose med fleire. Orddanningar som desse gjer det mogeleg å uttrykkje seg meir fortetta. Alternativa til orddanningsbaserte uttrykk er å nytte preposisjonsuttrykk eller leddsetningar med lågare innhaldsmessig tettleik: post-schizofren depresjon kan mogelegvis erstattast med «depresjon etter gjennomgått schizofreni», schizofrenilignende med «som ligner på schizofreni». Andre uttrykk, som til dømes schizoaffektiv, schizofrene lidelser og latent schizofren reaksjon, vil gjerne krevje endå lengre parafraseringar.
Ei rekkje engelskspråklege avløysartermar for schizofreni er føreslegne (2). Dei er alle fleirordsuttrykk som lik dementia praecox ikkje eignar seg spesielt godt til orddanningar. På norsk har psykosespekterlidelse blitt foreslått (1). Denne avløysartermen er sett saman av tre ord og kan berre vanskeleg byggjast vidare ut. Ein avløysarterm for schizofreni som vert presentert lausriven frå autentisk språkbruk, kan sjå brukbar ut i og for seg, og argumenta for at den nye termen betre speglar dagens kunnskap om syndromet på ein ikkje-stigmatiserande måte, kan vere framifrå. Men korleis skal ein laga orddanningar av eller oppnå variert setningsbygnad med føreslegne erstatningstermar som til dømes Neuro-Emotional Integration Disorder, Psychosis Susceptibility Syndrome, Dysfunctional Perception Syndrome eller psykosespekterlidelse? Vil nokon av desse termane eigentleg duge i praktisk (språk)bruk, eller vil dei uunngåeleg føre til lengre tekstar med liten språkleg variasjon – tekstar som både er tunge å skrive og tunge å lese?