Aslak Bråtveit Om forfatteren

Kommentarer

(2)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.
Vidar Lehmann
Om forfatteren

Innlegget var rørande. Ovafor den døyande pasienten gjorde legen ein god jobb. Med all respekt for pasienten, dei pårørande og legen kjenner eg meg likevel forplikta til å nemna dette:

Denne pasienten har i sitt vaksne liv lidd av fortapingsangst. Årsaka var utan tvil førestellinga om at ein før det var for seint måtte velja mellom å overgje eg til Kristus, eller å gå fortapt. Det artikkelforfattaren ikkje finn verd å nemna er at den same religionsutøvinga som tidleg i livet hennar skapte denne angsten, i neste omgang kunne få æra for å ha fjerna han.

Denne sirkelen er eit døme på korleis nokre kristne forkynnarar og andre føresette skaffar seg makt over unge sjeler. I forsvarslaus barndom vert dei først innpoda skuldkjensle og fortapingsangst. Dernest vert dei med tilvising til same religiøse autoritet tilbydd probat boteråd – in casu tilgjeving- for å fjerna ein angst som den religiøse indoktrineringa sjølv har nedfelt i barnesinnet.

Det var bra at legen kunne vera til hjelp, og fortent og rørande at han fekk klem før han gjekk heim til tindrande barneauge. Att står likevel dette: Denne pasienten har som barn vore utsett for eit alvorleg overgrep. Dei som kunne trengja tilgjeving var ikkje pasienten, men dei vaksne som var skuldige i misferda.

Aslak Bråtveit
Om forfatteren

Mange takk til Lehmann som utfyller og kontrasterer min utmalande idyll med eit dystrare bilete. Røyndomen han legg fram tener ikkje norsk kristenliv til ære. Han har rett i at det har vore tura fram med skræmsler. For å gjera forsvarslaus ungdom botferdig, måtte fyrst syndeliv og staffedomar malast ut, så skulle ei dramatisk omvending , basert på skrekk , kulminera prosessen. Han omtalar dette med rette som overgrep. Det ligg att såra og skrekkslagne på denne slagmarka. Eg har møtt menneske som har fått nok. Andre har slite seg gjennom slik erfaring for å finna ei tru med livskraft.

Modellen er henta frå Kristi bruk av rettspåstander, domsavseiingar og straffeutmålingar. Det var dei vellukka og sjølvtilfredse han sette på tiltalebenken. Kristus påstod at deira liv og praksis dessutan stengde vegen til tru for lengtande. Tollarar og syndarar, sjuke og prostituerte fekk høyra nådeutsagn. Dei visste kvar dei stod. Born vart ikkje sette på tiltalebenken, men viste fram som trusmodellar. Han adresserte etter ein annan standard.

Eg kjende ikkje Randi sine erfaringar frå tidlege år. Likevel tok eg meg den fridom å omtala imperativet eg kjenner frå Vestlandsk bedehus og vekkingskultur. Observasjonar både før og etter den omtala episoden gjer at eg tolka henne som lengtande , ikkje skrekkslagen. Vegen hennar dit var meg ukjend. Noko, gjerne imperativet, hadde låst henne i ei fortid. Framtida var stengd. Ho trong berre at berget opna seg. Så gleid ho inn på ein stille våg.