Klassekamp for leger

Elisabeth Swensen Om forfatteren

Kommentarer

(1)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.
Morten Langeland
Om forfatteren

Her hadde det vore på plass med ei avviksmelding på HR-handteringa frå A til Å. Spørsmål er om du skulle ha sendt det inn på vegne av pasienten, men dette er såpass på viddene at HR treng ein oppstrammar. (Det bør vera både human og resources i HR-avdelinga.)

Normal reaksjon frå HR-leiar ville vera at det var sendt melding om at sjukmelding datert den dato var motteken, og at HR-leiar ville drøfta denne og spørsmål om når legen var tilgjengeleg på telefon.

I telefon ville eg ha etterspurt om HR hadde fylt ut NAV-ATS-melding for yrkesskade. (Det kan framleis i dag skje at dette ikkje vert gjort slik at meldingsfristen på 1 år forsvinn i "tåkehavet".) I tillegg ville det ha vore greitt å fått tilbakemelding på kva dei gjer for å unngå at stillasulukker skjer. Eit slikt tilfelle er heilt kurant å ha heil sjukmelding som medisinsk behandling. Avventande sjukmelding har lite for seg, og det at dei påstår at pasienten kan fraktast med taxi til kontor for opplesing på lover og føresegner, vitnar om litt vel sære haldningar og bruk/budsjettering av økonomiske midlar. Når det heller ikkje går fram om dei har kontakta arbeidstakaren sin, vert det meir klart kven som eigenleg treng oppdatering.

Spørsmål er om fastlegane ved slike reaksjonar frå arbeidsgjevar burde ha høve til å dela ut "gule", "oransje" og "raude" kort på bakgrunnen av avviket dette representerer i eit normalt IK-system. Her kunne ein trygt dela ut eit "oransje" kort.

Elles synest eg det er flott at du får teke opp denne problemstillinga som kan dukka opp frå tid til anna så det kan verta eit underforbruk av NAV-/ATS-meldingar, avviksmeldingar og korttidssjukmeldingar.