Vil du ha ein jobb, forresten?

Tags:
  • legejobber
  • medisinstudent
  • ung lege

Betente saker er ikkje lett å ta opp. For det fyrste er det vanskeleg og nesten umogleg å dokumentere at nokon har blitt forbigått eller at det har skjedd urettvise tilsetjingar. Det finst ikkje viteskaplege bevis på dette. For det andre, så vil saker som dette rette seg mot einskilde individ som kan kjenne seg støtt eller stempla. Ei sak som skal lyfte rettferdighet, blir dermed løfta opp, delvis på bekostning av dei som er involvera.Til trass for desse negative elementa ved å ta tak i saker som dette, så viser sakene også at dette er heilt naudsynt. Korleis kan me som samfunn akseptere at familiemedlemmer tilsett kvarandre? At ein må ha legeforeldre for å få eit vikariat. At turnuslegar skal tilsetje. At dei så tilsett sine eigne kullkameratar. At ein får tilbod om jobb 6 mnd før utlysinga faktisk blir lagt ut. Ein kan fortsetje i det uendelege. Det er meir snusk enn rettvise tilsetjingar.Det skremmande er at det er ikkje berre i desse små turnuslegevikariata dette skjer. Både for LIS-vikariat og overlegestillingar, er det nok mykje som skjer på pauseromma. Ein dag er du som blir ramma. Etter minimum 6 år med hard jobbing er det ikkje lett å forklare studentar som tek kontakt kvifor ikkje arbeidsgivarane har proritera kompetanse.Noreg er eit land med høg sosial mobilitet, men på grunn av system som dette undergraver me det einskilde individs moglegheit til å få relevante stillingar til kompetansenivået sitt. Kompetanse, erfaring og gode personlege eigenskapar – kvifor er arbeidsgivar redd for dette? Kvifor vil ein heller tilsetje nabosonen?På grunn av byråkrati og stort press vil turnustenesta mest sannsynleg bli lagt ned innan nokre år. Kåss og Støre vil opprette bachelor i medisin ved Universitetet i Bergen for å utdanne billigare legar med 3 års utdanning. Det er store endringar på gang, om dei er gjennomtenkte eller gode – det får framtida vise!

Skriv ut
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media