Redaksjonen svarer:

Erlend Hem, Raida Ødegaard Om forfatterne

Kommentarer

(1)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.
Jone Segadal
Om forfatteren

Vyrde felag og språkspaltar !
I den fjerde utgåva av Tidskrift for Den norske legeforening i år, er omsetting av "Emerging disease" lagt så audmjukt fram, at ein kan kjenne seg velkommen til eit innspel. Eigen kompetanse på det nemde feltet er så låg hos meg, at eg kan utan skam og frykt for tap av vyrde fremme mitt eige forslag. Kjeldelaust og til bruk for den som vil.
Kompetansen hjå ortopedar som meg, er ofte avgrensa til det som har med føter å gjere. Eg ser ikkje føtene i frammarsjen til sjukdommar slik til dømes invasjonsstyrkar i menneskeform har. Flageller og anna utrustning for røyrsle hjå mikrober, gjer diverre ikkje omgrepet meir levande for meg.
Råteskap i kroppsdelar og anna elende som følger levemåten no til dags, er for meg sjukdom i emning. Rett nok kan ein billedleg seie frammarsjerande livstilssjukdommar vil råke hardast dei som sit.
Andre døme frå makroperspektivet:
Helsestellet sine regelryttarar høgt til hest rir i meiningslaust overtal med sitt byråkratiske selety. Klårt i frammarsj, men kan hende ikkje sjukdom i seg sjølv?
Det moralpatogene faret etter dei synest ikkje så godt som lorten etter hest, men eg ser ei systemsjukdom i emning som infiserer dei som før hadde merksemda si fast knytt til pasienten. Det taktfaste oppbodet som kallast privatisering av helsetenester, er i dugeleg frammarsj. Men gamlemor med sine mange og kroniske lidinger klarar ikkje den marsjetakten. Ho roper gjerne ikkje høgt i media, men uretten som set henne i ei lang offentleg helsekø, burde gjere det. Ikkje noko nytt i dette kan hende, men det har lenge vore i emning.

"Emerging disease" treng retteleg eit norsk omgrep. Eg kallar det "sjukdom i emning" dette som kjem stillfarent i førstninga. Når båra bryt i landkjenning, ser alle ho. Sjukdom du ikkje sansar i tide, er det lite å gjere med.