Etterlysning: Vegleiar til behandling av politisk betennelse

Kvifor ikkje arbeide for å betre helsetilbodet til pasientane våre som bur på asylmottak? Og kva med pasientane våre som er i fengsel, spør Bjørg Bakke. Illustrasjonsfoto iStockphoto
Eg likar å tru at eg blir lege fordi eg har lyst til å vere med på å betre livskvaliteten til dei pasientane eg møter på min veg. Det kan vere ved å gje dei statiner, kanskje få nokre til å trimme litt, legge om kosten eller bare høyre kva problem dei slit med. Alt frå vanskelege problemstillingar til det som eigentleg berre krev lytting og tid. (vanskeleg nok, kanskje)På same tid ynskjer eg å vere ein del av eit større fellesskap. Eit fellesskap der ein delar same utdanning og forhåpentlegvis også same mål; betre helsetilstanden til den norske befolkning. Dette gjennom eit medlemskap i Den norske legeforeining. Gjennom denne medlemskapen håpar eg at ein kan få sterk nok påverknad til å få eit sterkt talerør i møte med helsemyndigheter, media, politikarar, men også befolkninga generelt. For kva er vel tydelegare enn når 97 % av legestanden uttalar seg?Men det er her det tviegga sverdet kjem inn i biletet. For kva er det eigentleg Legeforeininga skal meine og kven skal bestemme dette? Lenge har det blitt hevda at det å ha makt krev også at ein ikkje seier ifrå i visse situasjonar. ”Gje og ta” er noko som kanskje kan skildre bodskapen eg vil fram til. Men kven skal avgjere i kva situasjonar dette skal gjelde?I vårt marknadsstyrte samfunn, blir reknestykket ganske enkelt. Det er sjølvsagt ressursane som avgjer. Løn, arbeidstider og generelle fagforeiningstema får fyrste prioritet. Kanskje ikkje så rart. Legeforeininga er jo trass alt ei fagforeining.Likevel er mitt ynskje for 2013 at Legeforeininga også nyttar dei moglegheitene ein faktisk har til å gjere noko meir enn å få BMW-avtaler for sine medlemmar. I enda større grad enn det som blir gjort i dag. Kvifor ikkje arbeide for å betre helsetilbodet til pasientane våre som bur på asylmottak? Og kva med pasientane våre som er i fengsel? Det er ingen hemmelegheit at det er mange grupper i samfunnet vårt som ikkje får like god behandling som pasientane våre på Frogner.Før forskinga kan få faktisk relevans, så må me også endre haldningane våre til pasientane. Ein treng ikkje vere venstreorientert politisk eller radikal for å meine at alle skal ha lik tilgang på helsetenester, uavhengig av rulleblad eller opphaldsstatus. Det er utdanninga vår som set premissane for kva Legeforeininga bør meine og arbeide med. Det kan ikkje alltid vere dei som har mest som skal bli høyrd, men av og til bør(les: må) også dei som ikkje hamnar på forsida av tabloidpressa få merksemd. Dette kan ein gjennomføre ved å ha eit fokus på det faglege i vanskelege saker som blir stempla som partipolitiske.Hans Petter Aarseth skreiv i Tidsskriftet i oktober 2001 ”(…) utvikle sin rolle som faglig premissleverandør i helsepolitiske spørsmål utarbeider Legeforeningen hvert år i forbindelse med fremleggelse av statsbudsjettet en statusrapport for et utvalgt område av helsetjenesten.”Eg håpar Legeforeininga kan styrke sin posisjon som premissleverandør i helse-Norge ila 2013, med eit særskild fokus på dei sakene som er politisk betente. Eg håpar ein kan setje saker på dagsorden, ikkje berre kommentere når dei allereie er der. Kanskje kan ein saman finne ein kur for behandling av politisk inflammasjon. På den måten kan ein faktisk få betre løn OG bruke posisjonen vår til å endre ordningar som ikkje baserar seg på kunnskap som allereie fins.