Rævslikkande, uengasjert CV-ryttar!

Når ein tek på seg eit tillitsverv, ein leiarposisjon eller liknande, blir ein utsett. Illustrasjonsfoto: Thinckstockphotos
Når ein tek på seg eit tillitsverv, ein leiarposisjon eller liknande, blir ein utsett. Ein kan få ros, men også mykje kritikk. Denne kritikken kan fortone seg frå alt til konstruktiv eller personfiksert hetsing. Diverre er dette noko media også spelar på, der ein tilsynelatande bevisst polariserer. Dette kan føre til heftige debattar i kommentarfelta, på Facebook, Twitter og via e-post. Når ein har posisjonar som gjer at ein frontar ulike saker, knyt også folk utfallet av desse sakene til deg som person. Ein dannar seg eit bilete om at personen er saka, og utfallet av saka blir dermed nær synonymt med personlege kvalitetar. Denne typen tenking fører også til at i saker der ein er usamd, kan ein då gå rett på personen, fordi utfallet av saka kjem av det personen har gjort. Sjølv om eg kunne tenkt meg å ha denne typen påverknadskraft, så er det nok ikkje tilfelle. Ein kan påverke, og ein kan endre, men ein kan ikkje alltid styre prosessar.Eg blei svært overraska over mengdene e-post, telefonar, kommentarar til ulike nyhendeoppslag som ikkje gjeng på det arbeidet som er utførd, men som gjeng på personlegdom. Sidan januar er eg blitt ”kjøpt og betalt”, eg har ”kunne satt meg på eit fly til Polen”. Eg er blitt kalla «strebar, CV-ryttar, egoist, rævslikkar, lite opplyst og uengasjert». Eg jobbar imot foreininga eg er leiar for. Eg støttar nepotisme og diskriminering, eg er imot kvinners rett til å føde born. Eg leikar med folk sitt liv, skjønnar ikkje viktigheita av informasjon, og eg gjev munnkurv. Eg har innsett at det kanskje ikkje er lurt å lese kommentarfeltet lengre, nokre e-postar bør ein kanskje slette, og nokre telefonsamtaler bør ein kanskje berre avslutte, men kvar er grensa? Kvar er grensa for ”det ein må tole”, og det som ikkje er greitt? Når ein tek på seg verv, så veit ein sjølvsagt at ein gjør seg sårbar. Ein kan bli kritisert, og ein kan bli rosa. Dette trur eg få har problem med, men personhets, det er noko anna. Når personhetsen kjem anonymt i kommentarfelt, eller til og med under fullt namn, gjev det liten moglegheit for å forsvare seg. Skal ein byrje ein diskusjon i kommentarfeltet om si eiga rolle? Korleis skal ein bevise at ein ikkje er ein ”rævslikkar”? Som tillitsvald syns eg situasjonen er vanskeleg. Eg likar det eg arbeider med, og eg gjer mitt beste for å utføre ein god jobb. Eg er blitt vald på ein demokratisk måte. Sjølv om eg i teorien er frivillig, tyder det at eg må akseptere alt? Og viss eg ikkje aksepterer det, kva inneber det? Det er synd at folk ikkje kan formulere seg konstruktivt, høflegare eller av og til kanskje ikkje seie noko. Det gjer at verv og ulike posisjonar blir vanskelegare å få kandidatar til. Ein nyttar mykje tid, krefter og energi på noko ein syns er viktig, men prisen ein betaler, kan faktisk vere å miste seg sjølv på vegen. Gjer eg verkeleg desse tinga? Fornufta mi seier nei, men kommentarane i ymse media seier eit absolutt ja.