Framtidas helsepersonell – ingen vil ha ansvaret

Emner:
  • akademisk fridom
  • akademisk frihet
  • grunnutdanning
  • legestudie
  • Samhandlingsreformen

Samfunnet har endra seg, og det har medført at politikarar har sett eit endra behov også i helsevesenet. I samhandlingsreforma, med oppstart i januar 2012, sette ein førebyggande behandling på dagsorden. Samstundes sa ein ingenting om korleis grunnutdanningane innanfor helsesektoren skulle endrast for å møte det endra behovet i samfunnet.

I Stortingsmelding 13 Utdanning for velferd: Samspill i praksis vart det fremma eit forslag om å endre profesjonsutdanninga i medisin til ein bachelor- og masterinndeling. Dette skulle også medføre ein sjølvstendig yrkeskvalifikasjon i bachelorgraden. Grunnlaget for dette endringsforslaget er eit behov for helseadministrativt personell, eit auka behov på grunn av samhandlingsreformer og nye IKT-system, og eit generelt behov for eit meir førebyggande helsevesen.

Akademisk fridom

Det har til tider vore politisk einigheit om at midtpunktet til dei helsefaglege utdanningane treng å endrast. Samfunnets behov for personell i primærhelsetenesta, både frå eit økonomisk og eit førebyggande perspektiv, har vore i søkeljoset. Samstundes har ein fortsett med å støtte opp om den ”akademiske fridommen” ved dei ulike medisinske fakulteta - fridommen til å styre korleis utdanninga blir utførd, kva legar som kjem ut, og kva fokus grunnutdanninga skal ha.Denne akademiske fridommen har dei siste åra vore paradoksal. Universitetet, ein av hjørnesteinane i det norske samfunnet, skal vere ein arena for nye initiativ, nysgjerrighet og ny kunnskap. Kvifor er det så at universitetet er ein av dei mest konservative delane av samfunnet vårt?Noreg treng fleire legar i primærhelsesektoren. Dette er noko universitet, politikarar og studentar er samde om. Dette kjem likevel ikkje til å skje av seg sjølv. Utdanninga tek plass i spesialisthelsetenesta, med korte opphald ute i primærhelsetenesta. Det spesielle, og ikkje nødvendigvis det vanlegaste, blir sett. Allmennmedisin vert i stor grad fokusert for lite på, sjølv om variasjonane mellom fakulteta er store. Det trengs eit større søkeljos på det samfunnsansvaret universiteta har gjennom utdanninga.Den akademiske fridommen som ein gong råda, er blitt omdanna til akademisk konservatisme. Politikarar som tenkjer på universitetet som ein sjølvstendig institusjon som skal halde seg til evidens og empiri, bør revurdere sitt syn, særskild når det gjeld grunnutdanninga i medisin.

Samfunnet og universitetet som ein?

Helse er ein elementær del av vårt samfunn. Det påverkar alle andre delar av livet, også dei økonomiske aspekta. Kvifor er ikkje søkeljoset blitt sett på kor stor makt dei ulike universiteta har over grunnpilaren i samfunnet? Legestanden har ei sterk rolle i helsevesenet, både innanfor pasientbehandling og organisering av helsevesenet. Kva funksjon denne gruppa skal ha, kva kunnskap, kva kvalifikasjonar dei skal ha, er heilt opp til universiteta. Dette bør endrast.Samfunnet, gjennom det politiske systemet, bør setje visse rammer for korleis universiteta skal utdanne helsepersonell, med særskild søkeljos på legar. Ein bør innføre nasjonale overordna læringsutbyttebeskrivingar (NOLUB) for å sikre kva fokus legen, og dermed også utdanninga, skal ha. Den akademiske fridommen kan fortsatt bestå.

Konservatisme

Dei medisinske fakulteta i Noreg er i mange tilfelle for seint ute med endringar. Visjonar om ein legestand som skal stå i samsvar med samfunnets behov er ofte ikkje til stades. Tilbake står akademisk konservative og lite nyskapande tankar som motsett seg ei kvar form for endring.Helsevesenet vårt treng ikkje reformer eller omorganisering kvart år. Det treng ein heilskapleg visjon for innhaldet, for tilbodet og for pasientane. Ei omlegging av studiet treng ikkje å gå på kostnad av kvaliteten på legen, snarare tvert imot. Ein kan setje evidensbasert kunnskap i fokus, der teknologi og kommunikasjon i pasientbehandlinga står i sentrum.Dagens helsepolitikarar treng å sjå dei faktiske forholda i utdanningssituasjonane så vel som pasientbehandlingsarenaene. Teori og praksis er ikkje nødvendigvis to sider av same sak.

i Tidsskriftet om korleis mange medisinstudentar opplever studiet bør vere eit alvorleg varsko for kva situasjon me faktisk er i. Det er store manglar i den medisinske grunnutdanninga, og kvaliteten står i fare. Individuell oppfølging, oppmuntring, positive utfordringar og eit opent læringsmiljø kan vere framtida – viss universiteta og politikarane kan bli samde om kva legar me skal ha.

Skriv ut
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media