Å utdanne seg til arbeidsløyse

Tags:
  • medisinstudent

Eg byrja på medisinstudiet med visse forventningar om kva som kom til å møte meg. Eg hadde alltid blitt fortald at legestudiet var eit trygt yrkesval. Det var alltid behov for legar, dessutan kunne eg få moglegheit til å flytte dit eg ville. By som land. Studiet var langt, men samstundes visste ein kva ein gjekk til.

Studiet gjekk sin gang og plutseleg møtte eg på ein gjeng medisinstudentar som protesterte mot turnusteneste. Eg tenkte mitt, men forstod også at tre år på oppdrag for staten kanskje var i det meste laget. Det gjekk ikkje lang tid før det plutseleg var snakk om eit år, deretter atten månadar igjen. Plutseleg skulle ein søkje, deretter trekke, så søkje igjen. Ein dag fekk studentar frå nokre land moglegheit til å sleppe turnus frivillig, så vart dei tvinga ut. Med eitt skulle trekningslistene snuast på hovudet, to dagar seinare vart dei snudd tilbake igjen. Nokre studentar fekk ikkje søkje på den framtidige tenesta, andre skulle prioriterast inn. Ein dag var det turnusteneste, den neste dagen basisstilling, så kom nybyrjarstillingane og deretter enda me opp med

.Heng du med? Eller kanskje du ikkje skjønar nokon ting. Det er du ikkje åleine om. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH), Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet har vore flinke til å lage ordningar som gjeng på kryss og tvers og så tilbake til utgangspunktet igjen. Men det er ikkje her det reelle problemet ligg.Tenesta er i krisemodus på grunn av alle studentane som vil ta del i den. I dag kan ein søkje Lånekassa om støtte til svært mange utdanningar, og det skal mykje til for at ein ikkje får støtte. Staten støttar dermed svært mange studentar med utdanningar som kanskje ikkje er svært gunstige for verken arbeidsmarknaden eller den einskilde student på sikt.Ved å velje å studere medisin har eg no sett meg sjølv i ein usikker posisjon. Kanskje må eg vente halvanna år på å få ferdigstilt utdanninga mi? Kanskje seks månadar? Kanskje får eg ikkje arbeid som lege? Det byrjar å bli vel mange kanskjear. Det er på tide at staten byrjar og sjå konsekvensen av sin eigen politikk. Det ikkje å ha ein strategi på kor mange medisinstudentar som får støtte til å ta ei dyr og lang utdanning byrjar å skape problem. Det medfører lengre køar i turnustenesta, det medfører auka misnøye og det medfører tapte inntekter hos den norske stat.Eg meiner løysinga er å innføre ei ordning som set eit tak på kor mange medisinstudentar Lånekassen skal støtte. Det tyder ikkje at staten skal kutte støtta til dei som allereie er under utdanning, men til dei som tenkjer å søkje seg inn på eit medisinstudium. På denne måten kan staten regulere kor mange legar ein treng og framtidige studentar kan vere sikrare på at dei ikkje utdannar seg til arbeidsløyse.

Skriv ut
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media