Samhandlingsreforma – på feil spor

Emner: 
fastlegeordningen
Legeforeningen
primærhelsetjenesten
Samhandlingsreformen
Denne artikkelen ble skrevet for bloggen Tidsskriftet publiserte i tidsrommet 2010-2014. Der presenterte vi frittstående kommentarer.
I samhandlingsreforma er det gode intensjonar om meir satsing på primærhelsetenesta og godt samarbeid med spesialisthelsetenesta. Desse intensjonane ser ut til å drukne i pengeflytting og forhasta avtalearbeid. Sjølvsagt skal vi samhandle! I ei tid der kunnskapsmengda veks ekspotensielt, er spesialisering uunngåeleg. Dette gjer oss meir avhengige av kvarandre for å belyse fleire bitar av puslespelet. Det gjer allmennlegen enda viktigare som integrator og samlar av trådar. Samhandling er ein nøkkel for å få dette til å fungere. Hovedelementa må vere god kommunikasjon, utveksling av informasjon og kunnskap og ei god oppgavefordeling der pasientane blir teke vare på i heimkommunen, der dette er rett og forsvarleg, og vist til spesialisthelsetenesta, der dette er nødvendig. Denne oppgavefordelinga må skje på eit fagleg grunnlag, slik at pasientane er sikra forsvarleg utgreiing og behandling. Vi treng først og fremst godt fagleg utviklingsarbeid i samarbeid mellom primærlegar og sjukehuslegar. Dette er ikkje nytt, eg minner om prosedyrepermarbeidet lokallaga i Legeforeningen dreiv i 1990-åra. For å halde eit slikt arbeid levande trengst det organisering og ressursar – ein kan ikkje satse på vedvarande dugnad. Vi treng gode kommunikasjonsverktøy, først og fremst datasystem som fungerer i kvardagen slik at vi kan utveksle informasjon ved behov. Vi treng styrking av primærhelsetenesta, fleire legar, men også andre faggrupper, og ressursar til å yte gode omsorgs- og rehabiliteringstenester.     Kva får vi? Vi får kommunal medfinansiering. Fleire milliardar blir sende inn i ein runddans der dei blir tatt frå budsjetta til helseføretaka og sette inn i rammene til kommunane, så reknar staten ut kor mykje innbyggarane har brukt sjukehusa og så skal kommunane betale pengane tilbake til sjukehusa. Det er ikkje, og skal ikkje vere, kommunane som avgjer kven som skal leggjast inn og sendast til behandling. Kommunane har såleis berre marginal innverknad på denne pengestraumen. Dette er pengeflytting – som aukar sysselsettinga blant pengeflyttarane og tappar ressursar frå helsetenesta. Kommunane treng meir ressursar dersom dei skal yte betre og meir omfattande tenester. Det er ein stor og reell fare for at dette systemet vil svekke kommunane økonomisk og gjere det vanskelegare å styrke førebygging og eigne tenestetilbod. Vi får eit avtalesystem mellom kommunestyre og helseføretak. Avtalane omfattar sentrale områder som ansvarsfordeling, innlegging og utskriving av pasientar, beredskap, kommunal øyeblikkeleg hjelp i eigne institusjonar, kunnskapsoverføring, forsking, faglege nettverk, IKT-løysingar med meir. Avtalane skal inngåast under tidspress utan at det er rom for refleksjon, utgreiing og forankring, noko som er nødvendig for å få til gode løysingar. Den mest sentrale samhandlingsaktøren i kommunane, fastlegane, har ingen plass i avtalesystemet. Nokre veker før reformen skal tre i kraft, er enno ikkje sentrale forskrifter som legg premiss for dette arbeidet på plass. Vi får ei IT-satsing på papiret. I realiteten er ho ikkje god nok til å sikre oss dei arbeidsverktøya vi treng og det som skal til for at dei skal snakke godt samen. Vi får ikkje den satsinga vi treng på eit godt fagleg utviklingsarbeid mellom fastlegar og sjukehusspesialistar for verkeleg å utvikle samhandling. Vi treng ein samhandlingsreform, men denne reformen er på feil spor. Innlegget er også publisert i Tidsskriftet nr. 24/2011. I nr. 24 finner du også en kommentar om samhandlingsreformen og akuttmedisinen der Oddvar Uleberg og Lars Petter Bjørnsen tar til ordet for å etablere akkuttmedisinen som eget fagområde.  

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.