Postnummerets paradoksale konsekvens

Tags:
  • eldre
  • Samhandlingsreformen

Det er eit paradoks at siste livsfase skal vere prega av sparing, tidsklemme og ufaglært arbeidskraft. Livet ved ein aldersheim er langt ifrå eit glansbilete. Korleis våre foreldre eller besteforeldre har det som pasientar ved desse institusjonane, avheng i stor grad av eit nummer – postnummeret. Dette til tider ubetydelege nummeret er, for pasientar som vert plasserte i eldreomsorga, eit nummer som kjem til å prege dei fram til siste levedag.Samhandlinga innanfor helsevesenet vert stadig meir komplisert. Dette har etter kvart også ført til større ulikskapar mellom kommunar og fylke i form av kvaliteten på behandlinga som blir tilbode innbyggjarane. Kvaliteten på tenestene er i stor grad uavhengig av ein felles nasjonal standard. Pasientane innanfor denne tenesta er avhengige av sine pårørande for å få ei stemme i den kompliserte samhandlinga mellom politikarar, tilsette, pårørande og avdelingsleiarar.Det norske helsevesenet har fått mykje pepar den siste tida. Samstundes er mykje av det som er blitt teke fram, einskildpersonar sitt møte med uheldige system som ikkje hindrar feil i å bli fatale. Eldreomsorga treng også meir merksemd. Ein treng nasjonale retningsliner og organ som kan sikre at dei eldre får lik og verdig behandling, uavhengig av postnummeret ein tilfeldigvis hadde den dagen ein vart sjuk, den dagen ein vart diagnostisert med demens, eller den dagen heimeteneste rett og slett ikkje var nok.Det er lett for oss alle å tenkje at dette kjem til å bli betre innan me sjølv har behov for dei tenestene eldreomsorga dekkjer. Men plutseleg er dagen der, og ting har diverre ikkje utvikla seg like fort som ein tenkte seg. Er det noko som er sikkert, er det at me alle på eit tidspunkt vil måtte ta imot tenester frå denne delen av helsevesenet. Eldreomsorga er ein utruleg utfordrande del av det medisinske støtteapparatet. Demens, ernæring, pleie samt generell medisinsk behandling skal alle koordinerast for mest mogleg optimal behandling av den einskilde pasient. Også i eldreomsorga vert behandlinga stadig dyrare, meir komplisert og avhengig av gode retningsliner for å kunne prioritere kostnadseffektivt. Sjølv om budsjetta i helsevesenet aukar for kvart år, er dei reelle kostnadane høgare, og sparekniven vert dermed stadig større. Samstundes ser ein også at krava frå pasienten og dei pårørande aukar for kvart år, sjølv om behandlingstilbodet vert stadig betre.Det er ingen tvil om at det å drive kommunale omsorgstenester innanfor eldreomsorg er svært vanskeleg og utfordrande. Likevel er det merkeleg at ein ikkje i større grad har eit nasjonalt mål for kva eldreomsorga skal tilby, og korleis ein skal organisere seg. Kvifor ikkje lære av kvarandre? Kvifor kan ikkje dei kommunane som har ei eldreomsorg der effektivitet, kvalitet og verdighet er essensielt, stå som gode døme for dei kommunane som slit med organiseringa? Kvifor er det ingen kontrollorgan som fylgjer opp desse institusjonane i mykje større grad?Om seks månadar vil Samhandlingsreforma byrje å gje kommunane meir og meir ansvar i forhold til oppfylging og førebygging av helsa til innbyggjarane i dei ulike kommunane. Slik utviklinga er innanfor eldreomsorga, er det vanskeleg å sjå at dette kjem til å gagne pasientane. Pasientane er blitt kasteballar i eit system som i utgangspunktet skulle vere til for å gjere ein skilnad, for å gjere folk friske eller for å gje ei gammal sjel verdige siste leveår i eit miljø som skal gjere det beste for han/ho. Korleis har me då endt opp med å lage eit system der den eldre skal tilpasse seg pleiaren sine rutinar?Dei eldre har endt opp som produkt på eit samleband, der kvalitet og tolmod blir nedprioritert i kampen mot sparekniven. Dette er likevel noko politikarane er redde for å nemne. For mange av oss som sit midt oppe i norsk helsevesen, blir det stadig tydelegare at debatten norsk helsevesen treng - prioriterings- og kvalitetsdebatten – ikkje kan utførast i det politiske miljøet. Norske politikarar, med helseministeren i spissen, har den siste tida bevist at dette ikkje er det fremste fokuset. Fokuset til politikarane er i stadig større grad blitt å hauste stemmer, opposisjon som posisjon. Viljen til å gjere det beste for pasientane er blitt utkonkurrert av kjensla av politisk makt.For våre eldre, og ein dag også oss sjølve, er dette svært synd. Eldreomsorga er den største omsorgstenesta innanfor kommunesektoren. I framtida vil den verte enda større, og meir av ressursane innanfor helsesektoren vil måtte bli allokert hit. Difor vil det også bli stadig viktigare for oss å ha ei felles, likeverdig og kvalitetstung eldreomsorg som kan sikre dei gamle ei verdig avslutning på eit stadig lengre liv.

Skriv ut
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media