I trygge hender?

Emner:
  • "I trygge hender"
  • feil
  • pasientesikkerhet

Pasientsikkerhet har lenge vore eit felt som har vore ekskludera frå det å vere lege.  På mange måtar har det å vere lege vore ekvivalent med det å vere ufeilbar. Legen skal ikkje gjere feil , og viss han gjer det – då er han dårleg.  Miljøet i sin heilskap er med på å dysse ned feil, framfor å ta lærdom av dei.  I staden for å innrømme feil og beklage, tek ein ofte motsett tilnærming. Dette skadar heile profesjonen, og i møte med pasienten mistar ein både tillit og respekt.Helsevesenet er ei komplisera maskin som er avhengig av fleire aktørar for å fungere. Det er samspelet mellom lege, sjukepleiar og pasient som gjer at folk vert friske. Men kva viss samspelet ikkje fungerer? Dette er noko Helse- og omsorgsdepartementet også har fundera over. Som respons vart kampanjen ”I trygge hender” lansera i januar 2011 og vil vare fram til 2014. Her vil ein fokusere på ulike fagområder som blant anna psykisk helse, trygg kirurgi og legemiddelinteraksjonar på sjukeheim.Pasientsikkerhet har lenge vore ei nisje for dei mest interessera - for dei rare. Det har vore, og er i stor grad, ekskludera frå både grunnutdanning og yrkesliv. Dette er underleg, då pasientsikkerhet er essensen av det å bli lege. Dei fleste av oss går inn i yrket med tanken om å kunne vere i stand til å hjelpe. Men kva viss denne hjelpa viser seg å gjere det motsette? Kva viss me ein dag kjem utfor å skade pasienten? Gjennom eit yrkesliv vil dei fleste av oss på eit tidspunkt ha gjort same typane feil. Utfallet av desse feila veit ingen, og ingen kan kontrollere dei.  Det at me på eit tidspunkt vil gjere feil, det er det ingen tvil om, enten me likar det eller ei.Likevel, er ikkje framtida nødvendigvis like mørk. Helsevesenet er eit godt døme på eit system der ein i størst mogleg grad kan lære av feil. Det at nokon får feil medisin eller feil behandling, er det beste utgangspunktet for å lære av feila ein gjer. Det er på denne måten me kan endre systema slik at ein kan enklare fange opp ”nesten-feil” og lage mekanismar for at dette kan unngåast.Legestanden har ei formidabel oppgåve føre seg. Mentaliteten blant mange må endrast. Legen er øvst i næringskjeda og har mykje ansvar, også for miljøet ein arbeider i. Det er dette miljøet som på mange måtar treng ei haldningsendring. Ein må klare å skape rammer som kan sikre dei tilsette tilliten til  å innrømme feil. Desse rammene må oppmuntre til tryggleik. Dei må oppmuntre til at ein skal lære av feila, og til at ein skal arbeide for å unngå at dei skjer igjen.Å gjere feil er fortsatt svært tabulagt i det medisinske miljø. Legar skal ikkje gjere feil. Me skal jobbe fleire timar enn alle andre, me skal ha eit perfekt liv på jobb og utanfor jobb. Me har jernhelse og spring gjerne maraton fleire gonger i veka.  Me likar å sjå på oss sjølv som betre enn alle andre, men når det kjem til stykket, så er me alle like.Me gjer feil. Me blir sjuke. Me er menneskelege.Den dagen me faktisk innser dette, er den dagen pasientar kan kjenne seg mykje tryggare ved innlegging på sjukeheim eller sjukehus. Den dagen vil forholdet mellom lege og pasient vere bygd på gjensidig respekt for kvarandres rolle. Den dagen kan ein som lege verkeleg stå inne for Den hippokratiske ed.

Skriv ut
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media