Korleis navigere i jungelen av ”frie” val?

Tags:
  • fritt sykehusvalg
  • ressurser
  • valg

Å vere pasient er ikkje alltid like enkelt. Samspelet innanfor helsevesenet kan lure dei fleste av oss, og det er ikkje alltid like lett å finne fram i ein jungel av småkongar som kjempar for sine territorium. Ei heller i jungelen av sjukehus som ein fritt kan velje mellom, og ikkje minst den endelause rekkja av fastlegar som ein også kan velje og vrake i. Men korleis skal ein gjere det? Ein veit jo ikkje kven av dei 480 legane ein kan velje mellom, som er ”gode”?Å vere pasient i norsk helsevesen blir stadig meir komplisert. Pasienten får fleire valmogelegheiter, men samstundes blir det også stilt større krav. Desse krava ber med seg negative følgjer. Som pasient er ein nøydd til å halde seg oppdatert på det meste – i tillegg til å diagnostisere seg sjølv via Internett. Å vere pasient er blitt ein heiltidsjobb der ein kombinerer legeyrket med helseadministrasjon - og litt byråkrati i tillegg.Korleis forventar ein eigentleg at alle pasientar skal klare å navigere i denne jungelen? Intensjonane har kanskje vore gode, men etter kvart har ein muligens berre gjort det lettaste. Viss pasientane har meir og meir ansvar, tyder det ikkje at legane har mindre? Det er ikkje godt å seie, av og til kjennast det som om ingen veit noko.Du ligg i akuttmottaket og ventar på turnuslegen som rasar rundt i ein vill fart med frykt i augo. Snart er det vel din tur. Snart viser seg å vere eit svært relativt omgrep, og ti timar ( ja, du las rett) seinare er det endeleg din tur. Etter ti minutt og desperat ringing frå turnuslegen si side, er det endeleg bestemt. Du må sove på sjukehuset ei natt – til observasjon som det så fint heiter. Kva kan du gjere? Fint lite. Som pasient er det vanskeleg å setje seg imot ”legens anbefaling”. Du veit ingenting, han veit alt. Søvnen kjem aldri, og du sit og ventar – igjen. Denne gongen på overlegen som visstnok er særs travel i dag. Etter nye fire timar kjem han endeleg. Overraskande koseleg og imøtekommande, men ser på deg i nokre minutt før han seier: ”Kvifor er du her eigentleg?”Av og til er det ikkje godt å vite kvifor ein er der. I dei fleste tilfelle på grunn av ei lang rekkje hendingar der ein har hamna i hendene på fleire maktsøkande småkongar med altfor dårleg tid eller for lite kunnskap. Som reisande (les: pasient) har du svært mange mogelegheiter, men i realiteten svært få val om du vil kome fram trygg, frisk og utan å nytte for mykje tid eller pengar.Norsk helsevesen strevar etter å vere det beste. Pasientane blir oppmoda til å gjere sine eigne val, men er dei fleste pasientane klare for denne utfordringa? Tilgangen på helsetenester er ikkje lik for alle. Kva med dei eldre eller innvandrarar som ikkje har identitetspapir? Det glansbiletet me målar av norsk helsevesen, er ikkje alltid like vakkert når ein står midt oppe i det sjølv. Det er då ein innser at helsevesenet kanskje bør tilpassast dei som ikkje har like mykje ressursar som dei som styrer i jungelen.For dei med høgast utdanning er norsk helsevesen som å vere millionær på ferie i Miami – du kan velje og vrake mellom det aller beste. For oss andre – berre ein endelaus kamp.

Skriv ut
Laget av Ramsalt med Ramsalt Media