Bør legar vere venner med pasientane sine på Facebook?
Facebook har utvikla seg frå ein stad berre ungdommar heldt til, til ein møteplass for alle aldrar. Eg talte over kontaktlista mi på Facebook, og der var no 337 namn. Dei eldste var onkel og tante i 80-åra, den yngste brordatter på 12. Der er nære venner, ungdomsvenner eg hadde mista kontakten med, studievenner, kollegaer, familie og nokre andre. Eg ser at ein del av namna på lista, også står på fastlegelista mi. Er det eit problem?Idealet i medisinen er vel legen med den profesjonelle distansen til pasientane sine, der pasientpopulasjonen er klart skilt frå det sosiale livet elles. Som lege i ei lita bygd er dette i praksis umogleg. Nesten halvparten av dei eg syng i kor i lag med, står også på lista mi. Det er uråd å ha så skarpe skiller at ein ikkje har noke omgang med pasientane sine utanom kontoret. Det kan vere krevjande, og krev bevisstheit om farer og roller. Det er også givande, med mykje bakgrunnsinformasjon som kan hjelpe ein til å vere ein bedre lege.Ut frå dette ser eg det ikkje problematisk at nokre av pasientane på lista mi, også er facebookvenner. Men ein skal uansett vere varsom med korleis ein bruker Facebook. Personverninnstillingane bør settast restriktivt. Ein bør ikkje dele informasjon som ikkje tåler å bli lest av eit breidt publikum, inklusive pasientar.Sjølve lege-pasientforholdet høyrer ikkje heime på Facebook (eller mellom reolane på butikken eller i pausa i korøvinga). Facebook er notorisk utrygt og er ingen stad for deling av fortruleg informasjon.I Journal of Medical Ethics er dette problemet drøfta, og forfattarene kjem med følgande råd:Aksepter ikkje automatisk invitasjonar frå pasientar om å bli «venner» i sosiale nettverk. Drøft eventuelt problemstillinga med pasienten dersom eit avslag kan virke sårande eller avvisande.
- Respekter pasientane sitt personvern. Informasjon du har fått i sosiale nettverk, skal ikkje journalførast uten pasienten sitt samtykke.
- Ver tilbakehaldande med å dele personleg informasjon på sosiale nettverk.
- Sett deg inn i personverninnstillingane og bruk konservative innstillingar.