logo

Avansert søk
17.08.2012

Lidenskapeleg fornuft frå Volda

«Eg er ein roleg kar. Eg høver til action.» Anestesilækjar Rune Heggedal var fyrste mottakar av Legeforeningens leiarskapspris. Han har jobba fem år på ambulansehelikopter. Ein dag sto han med ei ni år gamal jente i armane, knust av ein bil. Død. Mora var der. Neste dag feira Rune niårsdagen til eldste dottera si. «Det var surrealistisk. Ikkje til å tole på eit vis. Men det er slik det er, dette livet. Når eg står i dei verste situasjonane seier eg til meg sjølv: «Livet er så ille som det er, og no er det du som er her. Gjer det du må.»
Svein Ove Erkornesvåg/NTB scanpix
Svein Ove Erkornesvåg/NTB scanpix