Annonse
Annonse

Grethe Regine Braut

Tord Anton Haaland Om forfatteren
http://tidsskriftet.no/sites/default/files/styles/thumbnail/public/article--2017--12--17-1093--NEKR_17-1093-01.jpg

Vi hadde lenge visst at dagen ville kome då Grethe Regine Braut altfor tidleg ville gå ut av tida – heilt sidan ho fortalde om den alvorlege diagnosen og prognosen for halvanna år sidan. Ho samla då vener, familie og kollegaer til eit informasjonsmøte på kjøkenet heime på Kringsjå ein januarkveld i 2016. Sjokket var stort for alle, og vi kunne knapt skjønne kvar Jostein og Grethe Regine tok kreftene frå.

Grethe Regine Braut studerte medisin ved Universitetet i Bergen, og etter endt turnusteneste ved Stavanger universitetssjukehus og Sandtangen legesenter starta ho som fastlege ved Bryne legesenter i 2007. Ho byrja tidleg med spesialisering i allmennmedisin og vart godkjent spesialist i 2014. Dei siste åra før sjukdommen ramma henne var ho dagleg leiar ved legesenteret.

Ho hadde eigenskapar som gjorde henne svært godt egna som allmennlege. Grethe Regine var opptatt av menneske, deira liv og deira historiar, ikkje berre sjukdommar og diagnosar. Ho hadde ein velutvikla sans for å fange opp det usagte og for å kunne vere til støtte for folk som av ulike årsaker ikkje meistra livet. Hennar direkte framferd kunne nok verke uvant på nokre, men var først av alt avvæpnande og tillitskapande og høgt skatta av pasientane. Å arbeide som allmennlege har blitt skildra som «å ha orkesterplass til folks liv». Grethe Regine treivst på denne plassen, men kjente også til tider at det kosta henne mykje krefter.

Som kollega og ven var ho ærleg, rett fram, ujålete, veltalande og grenselaust lojal, med verbal presisjon på høgt nivå og steil og sta når det trongst. Ho var sterk nok til å vise sårbarheit. Men aller mest var ho jordnær, til stades og deltakande. Ho var kunnskapsrik og analytisk og var utstyrt med eit godt fagleg skjønn, men også tøysete, impulsiv og leiken. «Lik meg når eg er teit», kunne ho av og til skrive i meldingar og bilete ho delte. Vidd og humor var nødvendig for å kunne stå i alvoret yrket innebar. Ho var opptatt av at legeyrket ikkje skulle krevje heile henne, andre område i livet var viktigare – familien og den store venekrinsen ho og Jostein hadde.

Under seremonien i Stavanger krematorium og seinare under minnestunda på Friluftshuset på Orre var det mange flotte vitnesbyrd om kva rolle Grethe Regine hadde spelt. Det vart ein dag i hennar ånd, sorgtung og fin på same tid. Det var godt å vere saman på Orre den ettermiddagen.

Eg er takksam for å ha hatt høve til å vere kollega og ven med Grethe Regine. Tankane mine går til dei som står att: Jostein, Erle, Iben Linnea, Eirik og mor Gro.

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse