Annonse
Annonse

Sjukefråvær og rehabilitering etter traumatisk hjerneskade

Eirik Vikane (Se biografi)

Tverrfagleg poliklinisk behandling gav færre plager etter hjerneskade og mindre bruk av andre helsetenester, men påverka ikkje sjukefråværet.

/sites/tidsskriftet.no/files/2017--T-17-0037-01-LegeL-Dok.jpg

Eirik Vikane. Foto: Anne Sidsel Herdlevær

Om lag 9 000 personar vert årleg innlagt i sjukehus i Norge med ein lett traumatisk hjerneskade. Ei mindre gruppe utviklar langvarige kognitive, emosjonelle og fysiske vanskar som reduserer arbeidsevna og kan føre til varig arbeidsuførleik.

I mitt doktorgradsarbeid har eg systematisk kalla inn alle som har vore innlagt ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssjukehus, Ullevål, til oppfølging to månader etter lett traumatisk hjerneskade i ein treårs periode. Av 866 pasientar som var innlagt i aldersgruppa 16 – 55 år, vart 151 pasientar vurdert til å trenge vidare oppfølging. Desse vart inkludert i ein randomisert kontrollstudie der tverrfagleg poliklinisk behandling vart samanlikna med vidare oppfølging hjå fastlege etter tverrfagleg undersøking. Det var ikkje forskjell i sjukefråvær mellom gruppene, men dei som fekk tverrfagleg poliklinisk behandling, hadde signifikant færre plager etter hjerneskaden og tendens til mindre bruk av andre helsetenester.

Studien kan tyde på at også arbeidsgjevar må involverast tidleg for å få fleire tilbake i arbeid. Studien, kor ein nytta trygdedata, tyder på at det berre er eit mindretal av pasientane som treng oppfølging etter ein lett traumatisk hjerneskade. Pasientar som har hatt episodar med sjukmelding før skaden, dårleg funksjonsnivå og psykisk reaksjon etter skaden, står i fare for langvarig sjukmelding med behov for vidare oppfølging. Det var ingen sikker samanheng mellom funn på CT-bilete og utfallet.

Disputas

Eirik Vikane disputerte for ph.d.-graden ved Universitet i Bergen 10. juni 2016. Tittelen på avhandlinga er Effect of multidisciplinary outpatient treatment after mild traumatic brain injury – A randomised controlled trial and prognostic factors.

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse