Annonse
Annonse

MINNEORD

Hans Olav Tungesvik Om forfatteren

Barne- og ungdomspsykiater Einfrid Perstølen, som også var spesialist i vaksenpsykiatri, døydde 7. januar 2017, 99 1/2 år gamal. Ho budde i Asker, der ho og dreiv sin spesialistpraksis frå 1972 og fram til pensjonsalder.

Ho starta medisinstudiet i 1937. Ved krigsutbrotet melde ho seg til teneste for forsvaret. Ho slutta seg til Hæren på Tonsåsen og vart med til Skottland og England, der ho var sjukepleiar. For krigsinnsatsen fekk ho Deltakarmedalje med rosett.

Ho tok medisinsk embetseksamen i 1946 og vart spesialist både i barnepsykiatri og i vaksenpsykiatri i 1959.

I tiåret før ho opna eigen praksis, var ho overlege i barnepsykiatri ved Oslo helseråd. I ein tiårsperiode hadde ho òg undervisningsoppgåver ved Pedagogisk forskingsinstitutt i Oslo.

Einfrid var ein ekte hallingdøl, det syntest både i språket og i bunaden på høgtidsdagar.

For meg personleg var Einfrid ein god læremeister når det galdt familiebehandling. Ho la stor vekt på ei heilskapleg tilnærming til familien der også andre enn den tilviste kunne vere den som trong hjelp.

Eit rørande uttrykk for hennar omsorg for born synte ho då ho og mannen, Odd Grønvik, kona mi og eg skulle reisa på Nordisk psykiaterkongress i Reykjavik i 1973. Ho visste at me hadde fem mindreårige born heime, og ho gjorde klårt at mannen hennar og kona mi, Liv, skulle ta det første flyet, Einfrid og eg det neste. Ho tok ikkje sjansen på at dei fem borna våre kunne bli foreldrelause.

I fleire periodar var ho styremedlem i Noregs Mållag. Ho var òg med på å skipa, og var ein lang periode leiar i Medisinsk Mållag. Ho var ei drivkraft for utgjevinga Medisinsk journalskriving: rettleiing og journaldøme, som kom i første utgåve i 1979. Boka finst no i nyare utgåver, utgjevne av Medisinsk Mållag. Ho er stadig til nytte for unge legar, anten dei nyttar bokmål eller nynorsk.

Psykiateren og målkvinna vart eit heilt menneske då kampen for dialektbruk vart sentralt for målrørsla. I artikkelen Språk og velferd skreiv ho: «Vi veit frå psykologien at livet vert vanskeleg dersom ein freistar å innrette det etter andre. Du har det best dersom du kan kjenne deg trygg på at du vert godkjend som du er.»

Einfrid Perstølen sette djupe spor etter seg både i faget og i norsk kulturliv.

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse