Annonse
Annonse

Pasientstyrt innlegging i psykiatri

Ketil Slagstad (Se biografi)

Korleis verkar pasientstyrt innlegging på bruken av helsetenester i psykisk helsevern?

Meir pasientautonomi er ei målsetting i psykisk helsevern. Kan dette føre til mindre bruk av helsetenester? I ein ny norsk studie, publisert i Nordic Journal of Psychiatry (1), blei 54 pasientar randomisert til anten sjølv å kunne styre innlegging i sengepost eller til vanleg oppfølging. Dei fleste hadde anten diagnosen schizofreni eller bipolar liding, og alle hadde hatt mykje kontakt med psykisk helsevern. Pasientstyrt innlegging fann stad på dagtid i vekedagane i inntil fem dagar, med ein pause på minst to veker mellom to innleggingar. Studien var ikkje blinda.

Etter eitt år var det ingen skilnad i opphaldsdøger i sengepost. Talet på opphaldsdøger i intervensjonsgruppa fall frå 119 til 40 og i kontrollgruppa frå 55 til 33. Pasientane vart ikkje spurt om korleis dei sjølv opplevde tilbodet.

– Denne studien er viktig og visar at brukarstyrt innlegging er eit effektivt tiltak, seier Trond Aarre, som er overlækjar og avdelingssjef ved Nordfjord psykiatrisenter. – Vi veit ikkje korleis resultata hadde vore om pasientgruppa hadde vore mindre selektert og fått tilbod om brukarstyrte opphald døgnet rundt heile året, seiar han. – Uansett bør nye tilbod for personer med psykiske lidingar og rusvanskar, slik som brukarstyrt innlegging og ambulant handsaming, ikkje bare evaluerast ut frå effekten på forbruket av andre tenester. Det handler i endå større grad om betre tilgang og betre service for publikum og større innflyting på handsaminga. Det er synd det ikkje vart systematisk evaluert korleis pasientane opplevde tilbodet, seier han.

1

Sigrunarson V, Moljord IEO, Steinsbekk A et al. A randomized controlled trial comparing self-referral to inpatient treatment and treatment as usual in patients with severe mental disorders. Nord J Psychiatry 2016. E-publisert 14.10.2016. [PubMed] [CrossRef]

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse