Annonse
Annonse
Aslak Bråtveit (Se biografi)

Randi var ei høgreist, lun og vis kvinne. Mannen arbeidde på sjøen, ho var på land. Bilete av familien, av bakgrunn og samanheng, utvida seg gradvis ettersom eg gleid inn i bygda sjølve.

Yngste jenta møtte eg i skulehelsetenesten, sidan fleire barnebarn på helsestasjonen. Kontakt med andre og tredje generasjon gjorde at ei kjensle av familiaritet bygde seg opp. Ansvar for familien, samvær med medbygdingar og forplikting på fellesskapet var solid grunnlag for hennar trufaste frammøte til og lun glede ved arbeidet. I tillegg var ho velsigna med ein sterk kropp og ei god helse. Fåmælt var ho, men lett å kome i samtale med. For meg framstod ho som eit godt menneske, ei god mor og ein stø medarbeidar.

Kollegaen min fann grunn til å sende henne til koloskopi. Det gjekk nokre månader før undersøkinga vart utført. Kreftlidinga hadde då alt spreidd seg frå tarmen. Frå vårt sjukehus bar det til Bergen. Snart brast alle voner om å verte frisk att.

Ho kom frå Haukeland universitetssjukehus balansert smertelindra med 180 mg morfin dagleg. Etter kort tid vart ho trøytt, kvalm og hadde små pupillar. Dosen måtte gradvis minkast til 60 mg dagleg. Var det den trygge heimen og familiesamanhengen som lindra mest?

Det vert mange konsultasjonar, helst i heimen som sjukebesøk. Etter ei tid med cellegift vart Nitter-kuren prøvd, så gitt opp. Medisinar mot smerte og kvalme vart gradvis justert .

Ein ettermiddag finn eg på ny kofferten og svingar oppom. Halvard helser i døra og seier at Randi ligg på soverommet oppe. Eg stig inn og ser henne i senga. Ho helsar høfleg, ynskjer meg velkomen. Der er ingen stol, eg set meg på sengkanten. Det vert snakka alminneleg, om plager, om kroppen og medisinane. Så spør eg:

«Kva vert det viktigaste for deg nå?»

Det kjem straks, som eit rop, med ank:

«At eg måtte bli frelst!»

Alt fer rundt for meg, kva i all verda er dette? Er det dette som vert det viktigaste?

«Kva er i vegen for det då?»

Ho brest i fortviling:

«Eg nytta ikkje den laglege tida!»

Den laglege tida, ho bar med seg dei intense vekene og månadene i ungdomen, med dei alvorlege val av livsbasis og livsstil. Avvising av eller overgjeving til Kristus, den eineståande. Det poengterte og skilsetjande . Imperativet, du må velgje! Ingen kan vite om dette valet kjem att, det kan verte for seint!

Der ligg ho, forpint under si eiga fortid. Ho har ein gong teke eit val som ho vil ha gjort om att. Er det mogleg å gjere valet på ny? Eg fomlar hjelpelaust etter svar.

«Den laglege tida? Den laglege tida? Den er alltid

Ho sig attende på puta som avklara. Fortvilinga som stroken av, eit stille smil bryt fram. Det plaga andletet vert omskapt, augo tek eit fokus utanfor rommet. Det vert stille. Samtalen stoggar opp. Eg fomlar etter ord, ingen er brukande, det er ikkje råd å samtale lengre. Eg går, rysta av det eg har høyrt, sagt og sett.

Dei komande vekene og månadane kjem presten rett som det er til heimen. Innimellom høyrer eg nemnt at han har vore der.

Det vert eit avslutningsår. Barn og barnebarn går inn og ut i huset. Sonen med familie bur i fyrste høgda, dei eldre oppe. Halvard og Randi har overlevingskurs for han som skal verte att: klesvaskkurs, lokal kokekunst, safte- og syltekurs. Etter år på sjøen med vikarierande stuertoppgåver er Halvard sjølvhjelpt med mykje frå før. Men han må klare seg sjølve etter at Randi er død. Dei har eit godt år.

Fram mot vinteren kjem sjukdomen att med full tyngd. Ho vert gul. Vekta minkar. Mathugen forsvinn. Sjukesenga kjem inn i stova. Der ligg ho medan barn og barnebarn steller med sitt. Ho er inkludert. Heimesjukepleie er mobilisert, men mykje av stellet syter hennar eigne for. Presten kjem innom ein gong i veka. Han les or boka, dei kraftige og trøystefulle sogene om Kristi gjerning på jorda og lovnadane til dei som vil vere hans vener.

Livet går mot slutten, der ho ligg døsande og stirer i taket. Ho er brungul og mager, seier ikkje noko meir. Klarer ho å oppfatte ord? Presten er komen, han sit på ein stol ved senga og har bladd opp i boka. Det kjem ikkje noko signal frå ho, han reiser seg endeleg og seier ut i stova: «Det er nok ikkje noko for meg å gjere her i dag.»

Då svingar den tynne høgrearmen opp frå hovudputa, triv presten i buksa, held han att og seier tydeleg: «Les!» Han set seg på kommando og opnar Bibelen. Ho fekk si mette av Guds matskål også den dagen.

Julaftan renn med glitrande nysnø, vindstille og kulde. Idet eg skal ete frukost ringer telefonen.

«Randi døydde i dag tidleg», seier Halvard.

«Ja vel, eg kjem.»

Han har laga seg kaffimat og sit i kjøkkenet. Gjennom den opne døra ser eg senga med Randi sin avsjela lekam, avmagra og gusten.

Han fortel om det siste døgnet. Så reiser han seg og finn flagget, går ut i tunet og opp til flaggstonga på haugen. Eg sit i kjøkenglaset og markerer med handa idet flagget er på halv stong. Han fester flagglina som ein profesjonell matros.

Inne finn han fram songboka til Randi. I den ligg eit bretta ark. Randi har skrive opp kva songar ho vil ha i gravferda si, både før og etter jordfestinga. Me ser på nummerlista, blar opp songane og les høgt opp vers for vers. Det er som ho talar til oss frå puta. Båe må finne seg lommeduk og vert sitjande stille. Tida stoggar, og det kraftige rungar gjennom oss. Så femner den kraftige matrosen den vesle legen, eg legg armane kring han.

Deretter går eg ut or huset til den blanke snøvinteren, heim til familien, attende til barn med juleblenk i augo.

Dei pårørande til pasienten har samtykt til publisering.

Kommentarer

(2)

Vidar Lehmann

Innlegget var rørande. Ovafor den døyande pasienten gjorde legen ein god jobb. Med all respekt for pasienten, dei pårørande og legen kjenner eg meg likevel forplikta til å nemna dette:

Denne pasienten har i sitt vaksne liv lidd av fortapingsangst. Årsaka var utan tvil førestellinga om at ein før det var for seint måtte velja mellom å overgje eg til Kristus, eller å gå fortapt. Det artikkelforfattaren ikkje finn verd å nemna er at den same religionsutøvinga som tidleg i livet hennar skapte denne angsten, i neste omgang kunne få æra for å ha fjerna han.

Aslak Bråtveit

Mange takk til Lehmann som utfyller og kontrasterer min utmalande idyll med eit dystrare bilete. Røyndomen han legg fram tener ikkje norsk kristenliv til ære. Han har rett i at det har vore tura fram med skræmsler. For å gjera forsvarslaus ungdom botferdig, måtte fyrst syndeliv og staffedomar malast ut, så skulle ei dramatisk omvending , basert på skrekk , kulminera prosessen. Han omtalar dette med rette som overgrep. Det ligg att såra og skrekkslagne på denne slagmarka. Eg har møtt menneske som har fått nok. Andre har slite seg gjennom slik erfaring for å finna ei tru med livskraft.

Annonse
Annonse