Annonse
Annonse

Utvalgt arbeidssted: Haukeland universitetssjukehus

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har om lag 11 800 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane.

http://tidsskriftet.no/sites/default/files/styles/thumbnail/public/2014--T-14-0441-Legelivet-Utv-A.jpg

Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Foto: Kari Fosse/Beathe Tollefsen

Dei tilsette er den viktigaste ressursen. Sjukehuset arbeider for å knytte til seg dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Visjonen for Helse Bergen er å fremme helse og livskvalitet i vest. Dette skal dei gjere gjennom å vise respekt i møte med pasienten, sørge for kvalitet i prosess og resultat og skape tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg.

Slik skal sjukehuset oppnå dei overordna måla som er

  • trygge og nære helsetenester

  • heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk

  • ein framtidsretta kompetanseorganisasjon

Kvart år behandlar sjukehuset nesten 600 000 pasientar og utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og Haukeland er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø.

Helse Bergen er ein arbeidsstad der ein får gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Det er eit stort mangfald av yrker og jobbar som skal til for å oppfylle visjonen om å fremme helse og livskvalitet til befolkninga i vest.

Idrettslag

Haukeland sykehus idrettslag (HSI) har i dag om lag 1 500 medlemmer, fordelt på 27 grupper. Eit felles mål for Helse Bergen og idrettslaget er å støtte førebyggjande og helsefremjande arbeid ved å tilby tilsette trening og aktivitet. Tilbodet er mangfaldig, med blant anna fotball, handball, aerobic, orientering, innebandy, volleyball, turgruppe, friidrett, golf og styrketrening.

Barnehagane

Helse Bergen har fem barnehagar som er spesielt tilrettelagt for tilsette som jobbar i føretaket. Alle som er tilsett i Helse Bergen, eller som skal starte i ny stilling i føretaket, kan søkje om barnehageplass for barna sine.

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse