Annonse
Annonse

God og velskreven lærebok om seksuelt overførbare infeksjonar

Turid Thune Om forfatteren
http://tidsskriftet.no/sites/default/files/styles/thumbnail/public/2014--T-14-0141-01-Anm.jpg

Moi, Harald

Maltau, Jon Martin

Seksuelt overførbare infeksjoner og genitale hudsykdommer

3. utg. 287 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2013. Pris NOK 425

ISBN 978-82-05-44792-9

Forfattarane skriv i føreordet til første utgåve, som kom ut i 2002, at målet er å gje ein kortfatta omtale av dei mest vanlege genitale infeksjonstilstandane, seksuelt overførbare infeksjonar og hud- og slimhinnetilstandar i genitalområdet. Boka har komme i ny utgåve fordi dei to føregåande er utselde, andre utgåve kom i 2008. I føreordet til den tredje utgåva kommenterer forfattarane at det etter fem år er behov for ei fagleg oppdatering, ikkje minst med tanke på behandling. Eit par nye emne er også lagt til sidan førre utgåve. Målgruppa er medisinstudentar og lækjarar som arbeider i allmennpraksis. Boka er først og fremst ei lærebok, men er også meint som ein praktisk rettleiar og skal kunne nyttast som ei oppslagsbok i klinisk praksis.

Boka er delt inn i ein første del der lesaren får informasjon om gjeldande lover og regelverk, kliniske tips, kontordiagnostikk, mikrobiologiske agens, aktuelle prøvar, prøveutstyr og mikroskopi. Deretter fylgjer ein systematisk gjennomgang av dei ulike sjukdomane med diagnostikk og behandling. Forfattarane gjev også råd om kva tilstandar som kan behandlast i allmennpraksis og når pasienten bør visast til spesialist. Siste del omhandlar aktuelle hudplager og -sjukdommar i genitalområdet.

Boka er oversiktleg og lett å lese. Ho eignar seg godt som lærebok for medisinstudentar, men bør også vere obligatorisk å ha på kontoret som oppslagsverk for lækjarar i allmennpraksis og på helsestasjonar for ungdom. Seksuelt overførbare infeksjonar og genitale plager er så utbreidde at alle allmennpraktiserande lækjarar vil ha behov for oppdatert kunnskap om dei. Hudplager i anogenitalområdet er også relativt vanlege og ikkje så mykje omtala andre stader. Andre spesialistar som gynekologar, urologar og infeksjonsmedisinarar vil også kunne ha god nytte av boka. For lækjarar i spesialisering og spesialistar i hud- og veneriske sjukdommar vil denne boka vere litt lite utfyllande, men forfattarane har heller ikkje desse som målgruppe.

Eg tilrår boka som lærebok for medisinstudentar og oppslagsverk for lækjarar i allmennpraksis og eventuelle andre kollegar som kjem bort i denne typen problemstillingar. Tredje utgåve er bygd over same lest som dei to føregåande, men informasjonen er oppdatert, og det er lagt inn ein del nytt stoff. Det er viktig å hugse på at tilrådd behandling kan endre seg fort, og ein må ikkje stole blindt på det som står i dei gamle utgåvene. Det er gode grunnar for å oppgradere med den nyaste utgåva.

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse